Stødlevegen i Etne får ny asfalt i år.
FOTO: GOOGLE STREET VIEW
Denne vegen skal få ny asfalt
Vestland fylke vil bruka 132 millionar kroner på dekklegging i 2023, inkludert ei ekstraløyving på 33 millionar kroner.
500 millionar
Fylkestinget styrka innsatsen på vedlikehald av fylkesvegnettet med ei ekstraløyving på 500 millionar kroner fram mot 2026 i desember 2022, og ein del av dette går til dekklegging, skriv Vestland fylkeskommune på si heimeside. Områda som skal utbetrast er delt inn i tre område: Vestland nord, Bergen og kommunane rundt og Voss, Hardanger og Sunnhordland.