Lisa Marie Ness Klungland, andrekandidatRogaland Senterparti.Lisa Marie Ness Klungland gler seg over det rekordhøge tilbodet til bøndene.FOTO: ROGALAND SP
Lisa Marie Ness Klungland er klar for større oppgåver på Stortinget.

Ny opplæringslov styrkar nynorsken

Regjeringa la fredag fram forslag om ny opplæringslov. I dette forslaget vil også elevar i ungdomsskulen ha rett til å få opplæring i sitt skriftsspråk, sjølv om skriftsspråket ikkje er det same som kommunen praktiserer.

Publisert Sist oppdatert

I tillegg til å få ein lovfesta rett på å få bruka – og få opplæring i sitt eige skriftsspråk, trass i at det ikkje er det same som kommunen brukar, blir det også eit absolutt krav at skulen skal nytta skriveprogram som støttar både nynorsk og bokmål i skulen.

I dag er elevane i grunnskulen berre sikra retten til opplæring på eige språk dei første sju åra av skulegangen. Retten trer inn så lenge det er minst ti elevar som krev opplæring i ei målform, og gjeld så lengje det er seks elevar igjen i denne gruppa. I språkblanda område er det ofte nynorskelevane som kjem i mindretal. No føreslår regjeringa å utvide denne retten til og å gjelda i 8. til 10. klasse.

− Nynorsken er viktig, og for mange av oss er den det skriftspråket som ligg oss nærast. Difor er dei styrka rettane ei nasjonal sak som er viktig her lokalt, seier stortingsrepresentant for Rogaland, Lisa Marie Ness Klungland (Sp).

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS