Sigmund Hansen (t.v.) og Hartvig Waage byrjar her forteljinga med bilete frå Nordkapp. Dei meinte det var mest naturleg å sykla nedover landet.
FOTO: NILS TOKHEIMFOTO: Nils Tokheim
Nyttig kulturkveld
Etter eit hjarteinfarkt spurde Hartvig Waage fastlegen sin om det var lurt å gjennomføra ein planlagd sykkeltur frå Nordkapp til Lindesnes. Svaret han fekk var at å sykla yttersida av Senja og Andøya ville vera god medisin.
Rundt 80 personar valde bedehuset fredags kveld for å oppleva gråhåra menn på sykkel, eit kor som ikkje kallar seg kor, betasuppe og basar. Mellom innslaga var det innslag av song og oppbyggelege ord.
Dei lokale KM-karane var den raude tråden gjennom kvelden. Dei song, serverte, delte ut basargevinstar og rydda etterpå. Harald Sigmund Lunde losa på ein god måte folk gjennom innslaga.
Biletkåseri