Inga Cecilie Sørheim.
Inga Cecilie Sørheim.

På tampen

#quietquitting

Publisert Sist oppdatert

Å leve for jobben, eller jobbe for å leve? Mange av oss slit med å finne balansen i livet. Kva er oppskrifta på gode og bærekraftige liv?

Å ta pulsen på samfunnet, er ei utfordring. Nylig hadde eg ein tankevekkande diskusjon med ei gruppe legestudentar om framtida deira. Studentane var samstemte i at det viktigaste var å finne ei god balanse mellom jobb og fritid. Ikkje jobbe for mykje og bli utbrente som sine foreldre. Dei ville ta vare på seg sjølve, og ha ein leveleg jobbkvardag som lot seg kombinere med familie og fritid. I tillegg til å leve sunt og trene, var dei også bevisste på mental helse og nesten samtlige dreiv med yoga og meditasjon. Eg blei litt paff. Så fornuftige var me ikkje på mi tid».

Diskusjonen med studentane minna meg umiddelbart på den aktuelle TikTok-trenda og emneknaggen #quietquitting». Fenomenet handlar ikkje om å slutte i jobben, men om å sette grenser og berre gjere det nødvendige; utan fokus på å overprestere og alltid levere sitt beste. Eg tolkar det som ein tydeleg motreaksjon mot prestasjonssamfunnet og dei høge krava både i arbeidslivet og ellers.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS