Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og finansminister Trygve Slagsvold Vedum presenterer regjeringsforslaget til grunnrenteskatt for havbruk (lakseskatten) på ein pressekonferanse i Marmorhallen tysdag morgon. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og finansminister Trygve Slagsvold Vedum presenterer regjeringsforslaget til grunnrenteskatt for havbruk (lakseskatten) på ein pressekonferanse i Marmorhallen tysdag morgon.

Regjeringa foreslår lakseskatt på 35 prosent

Regjeringa foreslår ein grunnrenteskatt på norsk havbruk på 35 prosent. Det er lågare enn høyringsforslaget på 40 prosent.

Publisert Sist oppdatert

– Sjølv om grunnmodellen ligg fast, har vi lytta til innspel frå høyringsrunden. Vi har særleg lagt vekt på at ordninga skal sikre framleis vekst, samtidig som ein del av grunnrenta i havbruksnæringa skal gå til fellesskapet, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) på ein pressekonferanse tysdag morgon.

Han stadfestar at regjeringa vil ha ein skattesats på 35 prosent, noko som er litt lågare enn først antyda. Inntekter vil basere seg på marknadsverdi på merdkanten, som selskapa sjølv set for 2023. Frå neste år vil regjeringa opprette eit uavhengig prisråd.

Meir til kommunane

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) stadfestar at halvparten av inntektene skal gå til kommunesektoren.

– Det har vore heilt sentralt å sikre at vertskommunane skal sitje igjen med meir inntekter, som dei kan bruke på skule, eldreomsorg og andre viktige velferdstenester for innbyggjarane sine. Minst halvparten av inntektene som kjem inn, skal tilbake til kommunesektoren, seier Vedum.

Kritikk

Lakseskatten har tidlegare fått sterk kritikk frå fiskerinæringa, mellom anna fordi ho legg opp til eit botnfrådrag som skal skjerme dei mindre oppdrettsselskapa. Opphavleg antyda regjeringa at skatten ville liggje på 40 prosent.

Forslaget skal gjennom ei stortingsbehandling. Men ettersom støttepartiet til regjeringa SV er for ein slik skatt, blir forslaget truleg vedteke. Høgre vedtok på landsmøtet sitt i helga å seie nei til regjeringsforslaget til grunnrenteskatt på havbruk.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS