Før bussturen var ein heil delegasjon samla til samferdselsfrukost på Tysværtunet torsdag morgon, der tema for dagen var grønt industriløft. Kjell Inge Davik i Statens vegvesen og samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) var blant dei som fekk tale til forsamlinga. Fleire av dei frammøtte hadde håp om at det kunne komme lovnader om pengar til lokale vegprosjekt. Ministeren starta innlegget med å seie at det har naudsynt å gjere tøffe prioriteringar i statsbudsjettet for 2023.
— Det er ikkje til å komme vekk i frå at me står i ein ekstraordinær situasjon. Det er krig- og energikrise i Europa, og prisane på det aller meste stig i veret. Samferdselssektoren blir prega av dette på den måten at me må ta omsyn til den tida me lever i, sa Nygård i møtet.
Han fortel at nettopp dette er forklaringa på at det ikkje har blitt sett i gong nye, store veg- og jernbaneprosjekt på over 1 milliard kroner.
Bekymra
Etne-ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim var ikkje spesielt glad over det ho høyrde.
— Det går kaldt nedover ryggen på meg når han snakkar om å bruke eksisterande infrastruktur. Det er ikkje godt nok gjennom Etne kommune, seier Ekrheim til Grannar.
Ho håpar at det snart kjem lovnader om pengar til E134 Bakka-Solheim-prosjektet.
— Eg kan ikkje unngå å dra fram dette med nullvisjon. Det er berre éi veke sidan me hadde ei grusom ulukke, og me oppnår aldri nullvisjon med ein slik vegstandard som me har i dag, seier Etne-ordføraren.
Ny NTP
Samferdselsministeren fortalde at det dei siste åra har vore brei politisk semje om å prioritere samferdsel, men at situasjonen no har endra seg ganske drastisk.
— Regjeringa har difor sagt at me ønskjer å leggje fram ein ny, nasjonal transportplan (NTP) allereie våren 2024, eitt år tidlegare enn planlagt. Her vil me leggje til rette for viktige prioriteringar i åra framover, noko som vil styrke NTP som eit truverdig styringsdokument. Det er ikkje til å komme vekk frå at NTP har vore for mykje prega av å vere ønskjeliste, og det er ingen av oss som er tent med at ein ikkje kan stole på dette dokumentet.
I slutten av mars vil det komme ei stortingsmelding om korleis ressursane bør fordelast i samferdselssektoren.
— Det me kan seie, allereie no, er at me forventar at det blir enda viktigare framover å ta vare og og utnytte eksisterande infrastruktur, heller enn å setje i gang nye, store infrastrukturprosjekt, sa Nygård i møtet.
Eg synest Davik i vegvesenet gjekk ganske langt, og fekk fram behovet for det som trengst
Ole Johan Vierdal, Vindafjord-ordførar
Saknar pengane
Heller ikkje Vindafjord-ordførar, Ole Johan Vierdal (Sp), jubla over det som blei sagt om lokale vegprosjekt.
— Han lova ikkje altfor mykje, kanskje som forventa. Eg synest Davik i vegvesenet gjekk ganske langt, og fekk fram behovet for det som trengst. Det var gledeleg å høyre. Han har også fått med seg dei siste hendingane på Fikse, både den tragiske dødsulukka og stengningane som har vore. Dette gjer tydelegvis inntrykk, så får me også håpe at det følgjer litt pengar med dette.
Vierdal hadde derimot sansen for opplegget.
— Vanlegvis sit me inne heile dagen og høyrer på ulike innlegg. Eg trur kanskje dette er meir effektivt og kraftfullt.
Uviss prioritering
Samferdselsministeren er samd i at bussturen var nyttig.
— Eg har høyrt mykje om Bakka-Solheim, og det var interessant å få sjå strekninga sjølv. Regjeringa har allereie vore med og lagt prosjektet inn i den såkalla vegportefølgjen. Det betyr at Statens vegvesen har fått eit oppdrag frå oss om å sjå på korleis dette prosjektet skal prioriterast samanlikna med andre prosjekt omkring i heile landet, Nygård til Grannar.
— Du nemnde at det ikkje vil bli satsa på nye vegprosjekt over ein milliard kroner. Kor langt borte er pengane frå Bakka-Solheim-prosjektet?
— I ein prosess der me skal lage ein meir realistisk NTP, må me vurdere å byggje meir nøkternt, som vil seie at me skal sjå om det er mogleg å gjenbruke eksisterande veg nokre stader. På strekninga Bakka-Solheim er det openbart at dette ikkje er ein god idé. Men, det finst fleire stader i Norge der me til dømes har planar om å lage firefeltsveg, og då må ein lage heilt nye traséar. Det er den type ting eg snakkar om då, seier Nygård.
Han fortel vidare at Røldal-Seljestad ligg heilt på topp i Statens vegvesen sin pakke.
— Dette er eit prosjekt me kjem tilbake til når me skal lage nye statsbudsjett. I år haldt me dette og nokre prosjekt til tilbake, fordi me ikkje ønska å bidra til å setje økonomien vår i spel gjennom å auke prisveksten enno meir, og bidra til å auke rentene.



