Sanne Skeie er styreleiar i Rogaland 4HFOTO: PRIVAT
Sanne Skeie er styreleiar i Rogaland 4H

Debatt

Skal ikkje unge få samlast til større arrangement?

Fleire organisasjonar har lenge bygd større arrangement på forutsetninga av at ein kunne overnatte i hallar. No visar det seg utfordrande å få lov til det. Fleire hallar har teke vekk tilbodet av leige med overnatting. Dette fører til at barne- og ungdomsorganisasjonar ikkje kan arrangere større arrangement med plass til alle som ynskjer å delta. Ein organisasjon dette går ut over er 4H Rogaland.

4H Rogaland er ein medlemsstyrt barne- og ungdomsorganisasjon. Mottoet er Å læra ved og gjera». Dette blir blant anna praktisert gjennom to store samlingar kvart år, styrevervkurs og storkurs. På kursa lærar medlemar blant anna om korleis styrearbeid fungerer, og andre tema som interesserer dei. Dette er med på å utvikle ein framtidsretta og samfunnsengasjert ungdom. I det siste har det vorte meir utfordrande å arrangere dette sidan ein ikkje får lov til å overnatte i haller.

I år arrangerte 4H Rogaland styrevervskurs på Mosterøy i Stavanger kommune. Der har kommunen gått så langt at dei nektar overnatting i alle sine hallar, og deltakarane måtte difor sove i klasserom. 4H erfarer at helgearrangement der ein søv i haller bidreg sterkt til relasjonsbygging, både mellom medlemmar, men òg mellom medlemmar og vaksne. Dette gjer mental tryggleik og vekst hjå medlemmane våre. Når ein er nøydt til å dela medlemmane inn i klasserom ser 4H at dei viktige møta mellom ungdommar på tvers av kommunegrenser forsvinn i større grad. Det er òg fleire skular ein ikkje får overnatte i. Når ein stor kommune slik som Stavanger nektar overnatting fryktar me at andre kommunar også vil følgje etter. Det vil isåfall ha drastiske konsekvensar for barn og unge i Rogaland. Kommunen har eit ansvar for å tilrettelegga for alle lag og organisasjonar. Korleis kan dykk tilrettelegga for oss?

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS