Vindafjord rådhus.ARKIVFOTO
Stor militærøving i to fylker
6.-24. mars gjennomfører Agder og Rogaland heimevernsdistrikt 08 den nest største militærøvinga i landet, Øving Jøssing. Øvingsområdet er heile Agder og Rogaland.
Dette opplyser Vindafjord kommune på sine nettsider.
Over 4.200 soldatar deltek dei tre vekene. Det blir feltøving, der avdelingane skal trene på å løyse oppdrag innan primærfunksjonane sine. Det blir militær trafikk på enkelte vegar. Lausammunisjon og lysrakettar blir brukt og ein må rekne med noko støy heile døgnet.
— Øvinga er koordinert med politiet, og HV-soldatane blir lett kjennelege i norsk uniform. Annan mistenkeleg aktivitet skal som vanleg varslast politiet, seier driftssjef for HV-08, oberstløytnant Øystein Nilsen.