Vindafjord-laget med medaljane sine.
Foto: Privat
Tok NM-medalje
Vindafjord IL sine talentfulle volleyballjenter innfridde forventiningane under J19 NM i Bergen i helga.
Etter ei sju kampar lang turnering stod dei igjen med bronse i Haukelandshallen på søndag.
Tøff start
Raudtrøyene gjekk inn i meisterskapet seeda som nummer to. Likevel var trenar Anne Berit Skipevåg Tveit førebudd på at dei vil møte hard motstand i første gruppespelkamp på fredag.
Der venta nemleg regjerande meister Koll IL, som hadde fått litt lågare seeding etter å ikkje heilt ha lykkast i sitt eige regionsmeisterskap. Det blei ein jamn kamp, men Vindafjord tapte til slutt begge setta 22-25.
Den andre gruppespelkampen mot Førde VBK blei langt meir komfortabel. Med 25-11 og 25-16 sikra Vindafjord seg andreplassen i gruppespelet og møtte TIF Viking 16.-delsfinale på kvelden. Det blei grei skuring for raudtrøyene som vann 25-10 og 25-11 i sett.
Thriller i semifinalen
I 8.-delsfinalen mot ØKSIL laurdag blei det litt tøffare motstand, men med 17-25 og 19-25 sikra Vindafjord seg ein ny 0-2-siger.
Kvartfinalen mot KSK blei eit hard oppgjer. Vindafjord tapte det første settet 23-25, men slo tilbake med 25-18 i andre sett. Etter 15-10 i det avgjerande tredje settet, nådde raudtrøyene trenar Skipevåg Tveit sin målsetnad om semifinale frå før meisterskapet.
KFUM Volda var motstandar i det som skulle bli ein dramatisk kvartfinale. Vindafjord tapte første sett 22-25, men slo tilbake med 25-20. Dermed skulle alt avgjerast i eit tredje sett. Her følgde laga kvarandre så tett at ein måtte spele lenger enn til dei vanlege 15 poenga i eit tiebreak. Til slutt var det Volda som stakk av med finaleplassen med 16-18.
Søndag formiddag verka Vindafjord-jentene å ha rista av seg skuffelsen. Mot Snåsa IL sikra raudtrøyene seg bronsemedaljen med 25-13 og 25-22 i sett.