Bandet "Ellionia" var kveldens første innslag på scena denne laurdagskvelden. På piano Emma Sørheim, Trommer Ingeborg G. Thomassen, gitar Noah N Tøtlandsmo, bass Linnea B. Martinsen og vokal Signy Johanna Rafdal og Ella M.Nielsen.
Dei unge begeistra publikum
Unge og tilsynelatande uredde ungdommar entra scena med det eine musikk innslaget etter det andre i ulike sjangerar under Ungdommens kulturmønstring laurdag kveld.
Ei viss spenning er det å stå på ei scene med mange ukjente mennesker i salen. Kan hende er det mor og far og besteforeldre som sit og er mest spente, med ei forventning over kva deira unge og lovande skal framføre.
Alle kan vera litt kongelege av og til
Stødige og med ein snert av humor og skjemt vart scena for UKM i Etne og Vindafjord opna på Sjøperlo Kulturhus. Ungdommane som stilte opp som kveldens konfransierar hadde sjølv laga regien på korleis dei ville introdusere kveldens deltakerar på scena, forklarer Oliwia Tomaszewska frå Bjoa, som fylte 17 år denne UKM kvelden og Guro Pettersen (16) Ølen,