Avtroppande og påtroppande redaktør i Grannar. Arne Frøkedal overlet stafettpinnen til Torstein Nymoen 1. mars, og blir med som journalist fram til påske. Foto: Grethe Hopland Ravn
Avtroppande og påtroppande redaktør i Grannar. Arne Frøkedal overlet stafettpinnen til Torstein Nymoen 1. mars, og blir med som journalist fram til påske.

Vil halda på Grannar sin sterke posisjon

Torstein Tysvær Nymoen (49) er på plass som ny ansvarleg redaktør i Grannar og har tatt over stafettpinnen etter Arne Frøkedal (67). Både avtroppande- og påtroppande redaktør trur dei tenkjer likt når det kjem til den fundamentale journalistikken.

Publisert Sist oppdatert

Etter 44 år i bransjen, og nesten 15 år som ansvarleg redaktør takkar Arne Frøkedal for seg til påske. Frå 1. mars har han levert ansvarleg redaktør-tittelen over til Torstein Tysvær Nymoen, men han blir med som journalist i redaksjonen til han takkar for seg. Frøkedal er med det redaktøren som har sete lengst i sjefsstolen, men det ser han ikkje berre på som positivt.

— Eg synest det er veldig flott at Grannar har fått ny redaktør og nye impulsar. Eg har tenkt at redaktørstillinga burde vore på åremål, for det er lett å gli inn i faste rutinar. Både Torstein og eg tenkjer likt når det kjem til det fundamentale i journalistikken; vera på nyheitsjakt, vera tett på og få det ut på nett, seier Frøkedal.

Eit førebilete

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS