Ølen Betong er ein stor lokal aktør innan betong. Her frå ein leveranse knytt til støyping av understell til vindmøllar på Dommersnes i 2021.
ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Vurderer å gripe inn mot Ølen Betong-oppkjøp
Ølen Betong Gruppen sine planar om oppkjøp av konkurrenten Betongvarer kan bli stoppa av Konkurransetilsynet, som fryktar dyrare varer for kundande.
Tilsynet meiner oppkjøpet vil føre til redusert lokal konkurranse og dermed høgare prisar på ferdigbetong, melder dei.
Det er selskapet Betongvarer, ein aktør i Dimmelsvik i Kvinnherad som Ølen Betong Gruppen vil kjøpe.
Ifølgje Konkurransetilsynet involverer planane dei to største og nærmaste konkurrentane i den lokale ferdigbetongmarknaden.