— Blir ikkje luktproblem i Etne
Etter at Renevo sitt anlegg på Stord har vore prega av mykje luktproblematikk, har også debatten rundt det komande anlegget i Etne blussa opp. Mange er bekymra, men administrerande direktør Jan Kåre Pedersen seier ny teknologi skal hindra luktproblematikk for framtida.
Biogassanlegget til Renevo AS på Stord har fått mykje merksemd sidan opninga i mai i fjor, og mykje av det som har skapt ramaskrik er luktproblematikken. Det har også ført til at debatten har vakna i Etne, der eit anlegg no er i planleggingsfasen. Både i Etne kommune sine postlister, samt i sosiale media, kan ein registrera at innbyggjarane er nervøse for at luktproblematikken skal gjera seg gjeldande her. Det kan derimot administrerande direktør i Renevo AS, Jan Kåre Pedersen avkrefta.
— Når me opnar anlegget i Etne vil det ha ein heilt annan teknologi enn anlegget på Stord, så innbyggjarane i Etne skal ikkje vera redde for luktproblematikken, seier han.
Til avisa Sunnhordland har Pedersen forklart at årsaka til luktproblematikken er feil i samband med frostskadar på røyr. I tillegg er ikkje luktfiltreringa i bark så effektiv som dei først trudde, så dette blir no bytta ut med eit nytt svensk system som blir brukt i heile Europa.