Frå ei teateroppsetting i kulturskulen tidlegare: Sofia Jensen (med orange hjelm) er sjefen i Mesta. Med seg til Håland for å rydda steinras har ho Lilli Tjelmeland (t.v), Bjørg Ljusnes Sævareid, Alicja Rufayi, Stina Matre, Flora K. Litlehammar og Sara Høyland. Foto: Grethe Hopland Ravn
Frå ei teateroppsetting i kulturskulen tidlegare: Sofia Jensen (med orange hjelm) er sjefen i Mesta. Med seg til Håland for å rydda steinras har ho Lilli Tjelmeland (t.v), Bjørg Ljusnes Sævareid, Alicja Rufayi, Stina Matre, Flora K. Litlehammar og Sara Høyland.

Drama frå Håland

Visste du at det finst ei magisk rune-regle i eit fjell på Håland i Etne? Klarar du å tolke runeskrifta rett, blir vikingar frå vikingtida kasta fram i tid, og når dei møter Mesta-arbeidarar er det duka for drama… i alle fall på scenen.

Publisert Sist oppdatert

Det er bokstaveleg talt duka for drama når NRK Hordaland sender ut ei vegmelding om eit stort steinras på Håland i Etne. Mesta må rykka ut for å rydda opp, og midt i arbeidet kjem dei over nokre mystiske runar som er skribla inn i fjellet. Fleire prøver å tyda det som står, men berre ein av arbeidarane klarar det. På magisk vis blir setninga som ei trylleregle, og ein gjeng med vikingar frå vikingtida blir kasta fram i tid og kjem ut frå fjellet. Vikingane er på leit etter den andre bronseringen som skal brukast som hovudpynt i eit bryllaup, og kjem i prat med Steinar, Rullestein og Steinar-Arnulf som er Mesta-tilsette. I eit slepphendt augeblikk røper dei at bronseringen ligg på utstilling på tinghuset i Etne, og dramaet som onsdag skal utspelast på scenen i Skakke kulturhus, er eit faktum.

Kulturkveld

Det er valfaglinja sal og scene som står for både skodespelet og musikken i det som skal bli ei heilaftans førestilling. I tillegg skal også kulturskulen vera med på programmet, og her vil skulekorps frå både Etne, Skjold og Skånevik bidra, i tillegg til band som har brukt siste tida til å øva saman. Det blir også utstilling av måleri og teikningar frå kulturskuleelevar i foajeen, og kulturskuleleiar Torbjørn Tveita Reiso trur dette blir ein knallkveld.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS