Donmersnes industriområde.
Arkivfoto: Økland Foto
Einige om Dommersnes-selskap
Westcon og Vindafjord kommune har inngått ein avtale om å opprette eit selskap for utvikling av Dommersnes Industriområde. Etter forhandlingar sidan februar står nå berre eit vedtak på formannskapsmøtet på tysdag att før aksjeselskapet kan opprettast.
Dette kjem fram i innkallinga til formannskapsmøtet. Avtalen blei av godkjent av styret i Westcon på eit styremøte 13. april.
Den aktuelle utviklinga av industriområdet i Vikebygd tar sikte på å bruke det cirka 500 mål store området som er regulert til industri til produksjon og samanstilling av havvindmøller.
Tidlegare rådmann i styret