Søskenparet Tymoteusz og Nicola Mlynek koste seg i sola ved båthamna i Etnesjøen onsdag ettermiddag.
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Etne først over 20 gradar i Noreg
Onsdag ettermiddag kraup gradestokken over 20 varmegrader i Etne. Det var varmast i landet.
— Veldig kjekt med sommar, smilte søskenparet Nicola (14) og Tymoteusz Mlynek då dei vassa rundt i vatnet ved båthamna i Etne.
Ifølgje NRK vart det målt 20,3 grader mellom klokka 15 og 16. Det var første måling på 20 grader eller meir i Noreg i 2023.
Etne kan dermed sole seg i glansen med å ha fått året første sommardag i Noreg.