Idylliske Haraldseidvågen.Foto: Irene Mæland Haraldsen
Idylliske Haraldseidvågen.

Tema hus og hage

Historisk perle i sjøkanten

Med ei unik interesse for det gamle og med eit ukueleg pågangsmot har Veronika (45) og Jone (50) Tveit kasta seg ut i eit omfattande restaureringsprosjekt av den gamle handels- og industristaden Haraldseidvågen i Skjold.

Publisert Sist oppdatert

Frå gamalt av har Haraldseidvågen i Skjold vore eit viktig senter for handel, industri, samferdsel og gardsdrift. Her segla Harald Hårfagre inn med sine skip for så å dra dei over eidet til dagens Isvik, og her har utallege ferdafolk søkt husly opp gjennom åra.

I den idylliske vika yrte det av liv i gamle dagar. I bøkkerverkstaden blei det produsert tønner til ulike føremål og i den store fabrikkbygningen blei matvarer av ulikt slag preservert. Hadde ein bruk for ei lindrande salve mot giktplagene var det vesle apoteket staden å oppsøkja, og var det tomt i spiskammerset var det berre å ta turen til landhandelen på kaien. I 1911 blei det etablert eige postopneri i eit av dagens bustadhus, før dørene blei stengt i 1974. Haraldseidvågen var også eit knutepunkt for sjøfarande og vegfarande. Her heldt skipsekspedisjonen for HSD til med anløp av mellom anna rutebåten til Bergen. Rutebussen hadde fast stoppestad på kaien, og i pensjonat kunne ferdafolk få både tak over hovudet og noko godt i glaset. Eige vaskeri, fryseri og fargeri var også å finna på staden.

Verna bygg

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS