Steinar Aalvik. Arkivfoto
På tampen
Kontrolløren
Det var litt byråkrati knytt til husdyrhaldet før og, men då hadde dei folk til slikt. Hjå oss kalla dei han berre for kontrolløren». Han heldt det visst gåande i førtifem år, eller så. I førstninga kom han syklande til gards, seinare hende det visst at han køyrde Gråtass, ein sjeldan gong. Så vart det vel Tempo Sachs, på han, som så mange andre. Det første eg minnest var ei Bobla, så ein grøn Golf, og til slutt eine Mazda-en etter den andre.
Om han hadde ein stillingsinstruks, og kva som eventuelt stod i den, veit eg ingenting om. Men eg har høyrt at han kunne bera ein sjuk jentunge til drosjebilen, om det var påkravd.
Eg hugsar han sat ved stovebordet i ein gullande rein nylonkjeladress og snakka gamalt etnesmål med rudle-r. Det verka som om han kjende alle kyrne i bygdo på namn. Han far stod og støtta seg på tosetaren med armane i kryss over bringa og henta fram alle opplysingane kontrolløren trong direkte frå sitt eige hovud. Berre ein sjeldan gong måtte han ta turen ut på kjøkenet for å sjå om mammo hadde notert eitkvart på kalenderen. Kontrolløren noterte alt sirleg ned i bøker, og på lister, medan han orienterte om fôring og stell, om avl og landbrukspolitikk og alt bonden elles hadde bruk for å vita. Han rekna ut kor mykje fôr me hadde, og kor mykje me trong. Han var ingen lidenskapleg tilhengar av rotvekstar, det var godt fôr, det var ikkje det, men det var viktigare å hausta graset i rett tid, enn å kasta bort dyrebare arbeidsdagar på å tynna og luka i ein rotvekståker. Eksteriørmessig var eit dyr aldri betre enn fyrsteinntrykket, til meira ein såg på dei, til meira fann ein å utsetja.