Sigve Lervik var med på kolonna mellom Seljestad og Liamyrane. Her paserer han ein lastebil i ein liten tunnel.
Foto: Svein-Erik
Krev ny tunnel nå
Fleire transportfirma frå Etne og Vindafjord var med å bidra til den 4,2 kilometer lange kolonna frå Seljestad i vest til Liamyrane i aust, for å få ein ny Røldalstunnel klar kjappast mogleg. Etter å ha stått fast i området mange gonger sidan 1984, tørr ikkje Sigve Lervik å vere optimist.
— Eg håpar prosjektet kjem inn igjen i revidert budsjett, men har mista heilt trua på politikarane. Det verker som dei har heilt gløymt at det finst ein landsdel som heiter Vestlandet, seier Lervik, som køyrer for Hustvedt & Skeie.
I statsbudsjettet blei ny tunnel frå Seljestad til Røldal på E134 førebels stoppa. 11. mai blir revidert budsjett lagt fram.
Stor mobilisering