– Målet vårt er å kunne overlevere heile prosjektet til 17. mai neste år. Det er sjølvsagt mykje som kan forstyrre den planen, men vi skal stå på, seier byggeleiar i Statens vegvesen, Roberto Balzer.
Foto: Torstein Nymoen/Grannar
No er det klart kven som får E134-jobben
Fleire lokale entreprenørar var mellom dei ni som konkurrerte om ein jobb på E134. No er det klart kven som får jobben.
Grannar har tidlegare skrive om Statens Vegvesen sine planar om nytt Dalavik-kryss på E134 i Skjold.
Krysset vert gjennomsnittleg trafikkert av om lagt 6.700 køyretøy i døgnet. Av dette er 19 prosent, eller 1273 tungtrafikk.
E134 har fartsgrense 80 km kilometer i dette området, og Statens vegvesen har difor også tidlegare gjort tiltak for å betra avkøyringa mot fylkesveg 4734 Dalavikvegen. Då utvida dei vegen inn mot krysset for køyreretninga frå aust mot vest.