Skjoldar/Vats/Vik/Vind-damene på treningsfeltet før sesongen. Bak frå venstre Silje Berge, Ingvild Skare, Solveig Terese Fjeldheim, Thea Karoline Blikra og Kristina Lærdal. Framme frå venstre: Elisabeth Berge, Mira Kalstveit Wenche Eide og Bjørg Irene Frøland. PS! Fleire var opptatt med jobb og andre ting.FOTO MAGNE SKÅLNES
Skjoldar/Vats/Vik/Vind-damene på treningsfeltet før sesongen. Bak frå venstre Silje Berge, Ingvild Skare, Solveig Terese Fjeldheim, Thea Karoline Blikra og Kristina Lærdal. Framme frå venstre: Elisabeth Berge, Mira Kalstveit Wenche Eide og Bjørg Irene Frøland. PS! Fleire var opptatt med jobb og andre ting.FOTO MAGNE SKÅLNES

Sesongstart for lokalfotballen

Skjoldar/Vats 94/Vik/Vind-damene siktar høgt

Laget håpar på ny toppstrid, sjølv om éi viktig brikke manglar denne sesongen i damenes 4. divisjon.

Publisert Sist oppdatert

4. div. kvinner

Dette er laga:

Torvastad 1

Haugar

Kolnes 1

Kopervik 1

Rubbestadneset 7er

Skjoldar 1

Stegaberg

Torvastad 2

Ølen 7er

Vard/Skjold/Falkeid

Skjoldar-damene låg lenge i posisjon til å havne heilt øverst i fjorårets 4. divisjon, men nokre middels resultat på slutten gjorde at dei enda på ein fin tredjeplass etter Åkra og Torvastad.

Gode treningstilhøve på Hatteland Stadion i Vats.

Trenar Erling Øygard kan skilte med omlag det same mannskapet denne sesongen, så ambisjonane ligg i same leia i år. Men eit skot for baugen er at kapteinen Gjertrud Blikra må sjå denne sesongen frå sidelinja.

Skadesmell

Etter å ha blitt skada i slutten av førre sesong vert klubbkapteinen Gjertrud Blikra mest sansynleg borte heile den kommande sesongen.

— Ein må ta alvorleg på slike skader med kne og leddband, så ein må ta seg god tid for at det skal bli heilt lega, seier trenar Øygard, og legg til at slike ting helst skal fungere etter at karrieren er over òg.

Skjoldar-kaptein Gjertrud Blikra er ute heile sesongen med skade.

Men for Øygard og damene går fotballen sin gang, og dei har fått trent godt, sjølv om det ikkje er blitt treningskampar i denne oppkøyringa.

— Me veit ikkje heilt kor me står sånn sett, men dei fleste her er rutinerte spelarar, så dei veit kva dei går til, seier Øygard.

Måljeger med vinnarvilje

Thea Karoline Blikra førebur seg til ein ny sesong der ho veit at det tynger mest på hennar skuldre når det kjem til å få ballen i mål.

— Det vil vel bli nokre nettkjenningar i år òg, smiler Blikra, som seier at ho kan kjenne litt på presset til tider.

Lynraske Thea Karoline Blikra jaktar nye skåringar for Skjoldar IL.

— Men når me har alle spelarane på plass, så har me fleire angriparar som fordeler ansvaret om å skåra dei avgjerande måla, fortel Blikra.

Blikra er spent på den nye sesongen, og slår fast at dei ikkje vil bli dårlegare enn i fjor.

Skjoldar-kaptein Gjertrud Blikra er ute heile sesongen med skade.

— Det er komme nokre nye lag til, og det er alltid spennande, seier spissen, som trur at dei vil komme i siget utover i sesongen.

— Me går alltid inn for å vinna, kjem det frå måltjuven med det kjappe steget til slutt.

Mange lag i pulja

Det er elleve lag med i 4. divisjonavdelinga som vindafjordlaga deltar i, så det blir godt med kampar. Berre to av laga spelar 7'ar denne sesongen, så det blir mest 11'ar-kampar i år. Det talar nok til Skjoldar sin fordel, sidan dei trenar for og vil helst spele på full bane. Då kan det vera litt vanskeleg å omstille seg til dei få 7' ar-kampane, der dei møter motstandarlag som kun spelar 7'ar.

Første seriekamp er bort mot Kolnes ondag kveld.

Grannar-tipset: Me trur at Skjoldar vil henge seg på lag som Haugar, Kopervik og Torvastad, og kjempe om ein plass på pallen» til slutt, sjølv utan kapteinen sin på bana denne sesongen.

Powered by Labrador CMS