Hurtgbåtruta som trafikkerer Ølen og Skånevik kan bli råka av streik frå søndag.
Arkivfoto: Jon Edvardsen
Trafikk
Streik kan ramme ferjer og hurtigbåtar
Hurtigbåtane som trafikkerer Skånevik og Ølen er blant sambanda som kan bli råka av streik frå søndag. Også ferjetrafikk på E39 kan bli råka.
Ved midnatt 15. april har partane i konflikten frist for mekling. Dei møtest hos Riksmeklaren, og LO har varsla streikeuttak for ein del av Norled, Boreal og Fjord1 sine tilsette i Skyss sitt område. Ein eventuell streik vil ta til frå arbeidsstart søndag 16. april.
Ingen verksemder med adresse i Etne eller Vindafjord med i første streikeuttak. Men lokal samferdsle til sjøs kan bli ramma.
Det melder mellom anna Vestland fylke sitt samferdsleselskap Skyss.