Bassen og babesene» var nøgd med besvarelsane sine i andre runde under quizen på Skakke onsdag før skjærtorsdag. F.v.: Lars Kristian Aastvedt, Siren Haugland Gundersen, Tina H.Engelsgjerd, Arve Drange Ølen, Sofie Vangsnes Bergen, Aase Marie S. Jørgensen.
FOTO: ANNE-BRITT GRINDHEIM
Suksess for ny påskekviss
Ein måtte vera tidleg ute for å sikre seg eit bord til eit av påsken sine høgdepunkt på Skakke kulturhus i Etne onsdag kveld. Det kom deltakarar frå bygder i både Etne og Vindafjord.
Det er påmeldt over tretti lag. Rundt bordene sit det ein fin blanding av sosiale og kunnskapsrike deltakarar. Ein variert kombinasjon i alder og grupperingar, frå dei heilt unge til dei godt vaksne gjestene som er klar for påskeferie. Ein kveld ut for å treffe vener og ha det kjekt.
Konkurranse og moro fenger
Konsentrasjon og god stemning rår rundt bordene i salen på kulturhuset. Det er duka for kviss-kveld. Eit tydelegvis populært konsept som initiativtakarane Erling Bjarte Rullestad (32 )og Bjørnar Aastvedt (30) frå Etne har fått taket på. Duoen har gjennomført fleire vellykka kveldar på Skakke, men dette er den første kvissen i forbindelse med påske.