Varaordførar Gustav Løge Fosse (KrF) fekk med seg kommunestyret på å gi 200.000 kroner ekstra til å pusse opp Ølen kyrkje.
FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Debatt
Barns beste i ruspolitikken!
Feiringa av 17.mai og vårt flotte land som vi er blitt så glad i, er over. Men på ny får vi nyheiter frå fleire hold om at alkohol og rus pregar feiringa på ein negativ måte. Mange barn og unge får negative erfaringar med vaksne sin alkoholbruk. Det er trist at ein dag som skulle vera prega av glede og trygge fellesskap i staden blir ein dag med frykt og/eller opplevd utanforskap for nokon.
Med tanke på alle dei kjende skadeverknadane av alkohol og rus elles, er det viktig å syta for grep som ikkje utset barn og unge for meir negativ påverknad enn naudsynt. Lat oss satse på mange gode rusfrie tilbod for barn og unge. Samstundes må vi vaksne reflektere og snakke saman om korleis vi kan vera gode føredøme og av og til gje avkall på fridomen til nyta alkohol for våre barns beste.
Nyleg hadde vi ei sak i kommunestyre om ein skal tillate skjenking i Ølen senter. For å ivareta våre barns beste, valde vi i KrF å stå fast på dei alkoholpolitiske retningslinene som i dag ikkje tillet skjenking i kjøpe- eller butikksenter. Vi i KrF har syn for at aktørar i næringslivet ser etter måtar å styrka drifta si på. Men vi er lei oss for at fleirtalet valde å la vaksenperspektivet styra. Samstundes ber vi dei som nå får lov å starte med skjenking om å forvalte godkjenninga slik at det i minst mogleg grad går ut over dei minste og sårbare blant oss.