Illustrasjon av den planlagde symjehallen og bygdehuset i Vats.
Dette selskapet vann kampen om ny Vindafjordhall
Under kommunestyremøtet tysdag kunngjorde prosjektleiar Frode Eike kva totalentreprenør som har blitt valt til å bli med i vidare i prosessen for bygging av ny symjehall og bygdahus i Vats.
Det blei GL Prosjektservice, som held til på Kopervik.
Dei andre entreprenørane som var involvert i prosessen var LAB Entreprenør AS, Backe Rogaland AS, Jærentreprenør AS og Engelsen Bygg AS. Tilbydarane blei informert om Vindafjord kommune sitt val cirka to timar før kommunestyremøtet. Eike vil starte den vidare dialogen med GL Prosjektservice etter møtet.
Best på alt
GL Prosjektservice blei vurdert til å ha det beste løysingsforslaget av dei fem totalentreprenørane. I tillegg gjorde dei det best i intervjurunden og hadde det lågaste pristilbodet.
Løysinga til GL Prosjektservice var det forslaget som tar i bruk mest areal. Selskapet sitt pristilbod er på 161.928.440 kroner.
I kommunestyremøtet presenterte Eike eit heilskapleg kostnadsbilete for prosjektet per nå. Anslaget sett byggekostnaden til rett over 229 millionar. Etter forsikringsoppgjer, spelemidlar og momsfrådrag ligg eigenfinansieringa til kommunen ann til å bli 85,66 millionar, slik det ser ut nå.