Flått frå importerte planter kan ha med seg nye sjukdommar
Flått som kjem til Noreg som blindpassasjerar kan ha med seg nye sjukdommar til landet. I verste fall kan det true folkehelsa, men forskarar meiner det førebels ikkje grunn til uro.
Forskarar ved Norsk institutt for naturforsking (NINA) undersøkte jordprøvar frå importerte planter og fann to eksemplar av skogflått. Dette er ein art vi finn i heile Noreg, men blindpassasjerar av arten frå andre land kan ta med seg sjukdommar vi ikkje har frå før.
– Skogflåtten vi fann i planteprodukta vil bli testa for flåttborne sjukdommar. Import av planter med flått aukar faren for at nye sjukdommar kjem til Noreg, men det er neppe noko stort problem per i dag, seier seniorforskar Marie Davey i NINA.