Dagleg leiar i Christiansen bakeri, Lilly Miljeteig og Vidar Miljeteig, ektemann og medeigar, kan skåle for ute- og inneservering.
Foto: Svein-Erik Larsen
Jublar for skjenke-ja
— Det er heilt fantastisk. Det hjelper både bygda og bedrifta, seier Miljeteig.
Lengre diskusjonar
Etter ein lang debatt og eit hektisk gruppemøte, enda det med eit fleirtal for å gi dispensasjon, og følgeleg skjenkeløyve, til Christiansen spesifikt, innanfor bestemte rammer. Blant anna kan alkoholserveringa ikkje starte før 12. Kommunestyret gav administrasjonen fullmakt til å iverksette ytterlegare til detaljar i løyvet. Håvard Rørtveit (H) fremja det originale forslaget og den reviderte versjonen.