Steinar Aalvik. Arkivfoto
På tampen
Open debatt
Når det lir mot helg, pleier eg å una meg ein lang og god frukost. Då set eg meg til bords, og blar sakte gjennom Bondebladet. Første helga i mai, kom eg ikkje lenger enn til side to. Der vart eg møtt av eit fint fargefoto av ei blid dama bortantil Innlandet ein stad. På årsmøte i Nortura hadde ho markert seg under årsmøtedebatten, og etterlyste ein open strukturdebatt i Nortura. Strukturdebattar kunne gjerne føra til støy lokalt, dersom dei ikkje vart rett handterte av leiinga. Det var nesten så eg syntest å ha høyrt noko liknande ein gong.
I gamle dagar var det noko som heitte DNA. Det var ei Gro Harlem Brundtland som styrte ståket der. Ho sette på dansen at det skulle verta ein brei open debatt i heile organisasjonen, for å koma fram til kva tilknytingsform til Europa som tente landet vårt best. Kva standpunkt ho hadde kome fram til, etter all denne debatten, skulle kunngjerast på Hordaland Arbeidarparti sitt årsmøte, som vart halde på Hotell Ullensvang. Dette var forvitnelege greier, og det var mange som lurte på kva ho hadde kome fram til. Busslaster frå fjern og nær, strøymde til Lofthus, denne første laurdagen i april 1992. Eg var ein ganske staseleg kar på den tida, og nytta kva høve som baud seg, til å spankulera rundt i bunad. Eg heiv meg på ein buss frå det området som på den tida vart kalla Etne, Ølen og Vindafjord. Me kom oss til Lofthus med skråling og song. Der var det mykje fint folk samla. Dei hadde rigga seg til med ei scene nede på kaien. Eg stod slik til at eg kunne sjå aktørane før dei gjekk på scena. Eg minnest forfattaren Edvard Hoem. Han såg heilt elendig ut, så gjekk han opp trappa, og kom ut på scena som ei stjerne av verdsformat. Mens gamleordføraren Torolv Hesthamar var heilt lik seg sjølv, før han gjekk på scena, då han stod der og etter at han hadde kome ned att. Etter appellane, gjekk me i tog. Av ein eller annan grunn gjekk eg under fana til Nord-Odal Bondelag.
Eg var elles med på fleire slike bussturar i mi utsvevande ungdomstid. Eg la merke til at slike reiselag ofte delte seg i to fraksjonar når det leid til kvelds. Det var dei som ville heimatt, og dei som ville vera der litt lenger. Eg var alltid å finna mellom dei som ville heimatt. Men på denne Lofthus-turen hamna eg i motsett leir. Det var tillyst kulturkveld på Krossvoll. Der kunne dei skilta med at Olav H Hauge skulle lesa eigne dikt. Dette ville eg gjerne ha med meg. Men bussen var full av neifolk og hengjehovud. Dagen hadde vore lang, og dei ville heim. Eg leid eit svidande nederlag, og var helst tagal og sturen på heimvegen. No er det lenge sidan dette hende, og mangt har hendt seinare. Mellom anna er Hauge sine dagbøker vortne tilgjengelege for ålmenta. 3. april, 1992, står det Heile mars berre forkjøling. Hosting, snòr». Neste notatet er 10. april Eg har kome meg liten grand. Det ljosnar, det vårast. Striden um E.F. er i full gang. Skulde vore på Lofthus, men laut melda frå at eg ikkje kunde koma».