
Produsenten skal betale for plastemballasjen når den blir avfall. Men kommunane sit att med det meste av rekninga. No ber dei EU sitt kontrollorgan om å gripe inn. Noko av jobben gjer du gratis når du kjeldesorterer plastemballasjen heime. Men det kostar pengar når kommunen hentar den, pakkar den og gjer den klar til eksport. Det kostar meir pengar når den lastast på bil eller tog og blir sendt til Tyskland eller Sverige. Og det kostar å få eit anlegg der til å sortere, vaske og gjenvinne det som kan resirkulerast – og brenne resten.
I prinsippet er det den som forureinar som skal betale for dette. Selskapa som lagar eller sel Bamsemums i plast eller oppvaskmiddel på plastflaske, har økonomisk ansvar for det emballasjen kostar når den er blitt avfall.
Men det er kommunane som sit igjen med den største rekninga.
Har lytta til klagene
Plastmilliarden, kallar Svein Kamfjord pengane. I fleire år har direktøren for avfall og ressurs i organisasjonen Samfunnsbedriftene lytta til den same klaga frå 110 kommunale og interkommunale avfallsselskap i Noreg: At dei ikkje er nær å få dekka kostnadane for brukt plastemballasje som dei samlar inn frå hushaldningane.
No har Samfunnsbedriftene rekna på det – og gått til aksjon på vegne av alle. Dei har klaga saka inn for EU sitt kontrollorgan ESA.
— Næringslivet skulle ha betalt for avfallet som plastemballasjen utgjer. Men dei snik seg unna. Norske styresmakter tvingar i staden kommunane til å subsidiere produsentane. Det inneber ulovleg statsstøtte. Det kan også svekkje viljen hos innbyggarane til å bidra til ein sirkulær økonomi, hevdar Kamfjord.
Halvparten blir brent
I førre veke melde Grannar at berre rundt halvparten av plastemballasjen folk kjeldesorterer heime, endar opp resirkulert. Den andre halvparten vert brent. Endå mykje meir av den kortlevde plasten går i restavfallet heime hos folk og rett til forbrenning.
Det er dramatisk og innvikla.
Bak tala går det føre seg ein like innfløkt kamp om store pengar. Eller rettare: Om å spare store pengar på handteringa av kjempeproblemet som det aukande plastemballasje-forbruket er.
Rune Rødne frå Ølen er overraska over at så mykje som halvparten av plasten folk kjeldesorterer blir brent.
— Om desse tala stemmer høyrest det ille og uforståeleg ut at berre halvparten av plasten blir resirkulert. Eg tenker likevel at dette ikkje kan påverka vår sortering. Me må halda fram med kjeldesorteringa uansett, seier Rødne.
I snitt har kommunane utgifter på 9.800 kroner per tonn brukt plastemballasje som dei samlar inn, ifølgje Samfunnsbedriftenes mellombelse overslag. Den er basert på tal frå ei handfull kommunar. Når kommunane sender frå seg dette avfallet, får dei ulikt betalt for plasten, avhengig av kor tilgrisa den er. I snitt får dei 950 kroner per tonn plast, opplyser returselskapet Plastretur.
I snitt har kommunar i så fall ti gonger høgare kostnadar enn dei får dekka. Utgifta blir lagt på avfallsgebyret til innbyggarane.
Slutt på spleiselag
Ved ei branntomt på Forus ved Stavanger gler Rudolf Meissner seg over klagen frå Samfunnsbedriftene. Den er rettkomen og veldig bra, meiner han.
— Norske styresmakter har behandla plastemballasje-handteringa som eit spleiselag. Klagen skal tvinga dei til å endre dette. EU krev at produsentane fullt dekker kostnadane i alle ledd, seier Meissner, som er fagansvarleg for avfallssortering i det interkommunale IVAR.
Kommunane på Nord-Jæren var i front i Norge på plastgjenvinning – heilt til ein skjebnesvanger dag i fjor sommar, då det tok fyr i ein haug papir. Seinare fann IVAR ei mengde eingongskamera i papirrestane. Kamera har batteri. Dette er ein kjend brannrisiko – og IVAR si hypotese om årsaka etter at politiet la bort saka.
Ein liten brann i mottakshallen utvikla seg til ein flammekatastrofe som fullstendig øydela ein ny sorteringshall og skada eit flunkande nytt vaskeanlegg for plast. For plastgjenvinning i Rogaland betyr brannen tre tapte år», som Meissner seier. I desse åra går nesten alt plastavfall frå 360.000 innbyggarar i restavfallet og rett til forbrenning. Det er ikkje miljø- eller klimavenleg, og det er innbyggarane som betaler.
I Stavanger auka kommunen renovasjonsgebyret med 17 prosent frå 2020 til 2021 og med 15 prosent frå 2021 til 2022. I år auka gebyret med åtte prosent.
Forureinar skal betale
Plastemballasje blir raskt til avfall. Dei som sel shampo, yoghurt eller middagspølser skal sørgje for handteringa av den brukte plastemballasjen etter at den er samla inn av kommunen. Dei har såkalla utvida produsentansvar. Regelverket pålegg dei også å betale for både innsamling, sortering, materialgjenvinning og annan behandling. Kostnadane må dei bake inn i prisen på varen dei sel.
Produsentar har plikt til å vere medlemer i eit såkalla returselskap. Noreg har to. Orkla, Tine, Nortura, Gilde, Jordan og andre store aktørar på daglegvarer i Noreg er medlemer av Plastretur, som hadde monopol på feltet til 2020.
Då kom konkurrenten Norsirk på bana. Framleis dominerer Plastretur fullstendig, med både flest medlemer og flest kundar; dei hentar kjeldesortert plastsøppel frå 326 av landets 356 kommunar.
Forlangar full opprydding
EU har stramma krava til produsentane kraftig, og EU sine reglar skal gjelde i Noreg.
Men norsk praksis bryt med EU sitt krav og må endrast kraftig for at Noreg skal nå klimamåla og bli eit lågutsleppssamfunn, hevdar Samfunnsbedriftene:
- Staten må berekne kva plastemballasje-avfallet faktisk kostar, i staden for å tvinge partane til forhandlingar. Samfunnsbedriftene og fleire renovasjonssjefar hevdar dei opplever forhandlingar med Plastretur som diktat.
- Kommunane er nøydde til å samle inn alt plastemballasje-avfall frå folk sine heimar. På same måte må produsentane få ei plikt til å hente alt det kommunen har samla inn. I dag er dei berre nøydde til å materialgjenvinne 30 prosent av plastemballasjen frå varene dei seljer.
- Næringslivet må påleggast å designe plastemballasjen slik at den kan gjenvinnast. Ein stor del av plastemballasjen er laga slik at den er umogleg å gjenvinnast.
- Produsentar må få ei plikt til å betale for plast som vert brent, elles kan dei ustraffa fortsetje å lage emballasje som ikkje kan resirkulerast. I dag hamnar nesten halvparten av plastemballasjen i restavfallet. Innbyggarane må betale for å få den brent.
- Titusenvis av tonn med plastemballasje som kommunane samlar inn, kjem frå gratispassasjerar» som netthandel, svenskehandel og selskap som lar vere å melde seg inn i eit returselskap. Kommunen får ikkje dekka kostnadane. Dette må staten pålegge produsentane å ta ansvar for.
Dagens godtgjersle til kommunane er riktig, meiner administrerande direktør Karl Johan Ingvaldsen i Plastretur.
— Den er me og kommunane blitt einige om. Men framover kjem krav om ettersorteringsanlegg. Det vil koste pengar å grave djupare i restavfallet, og den diskusjonen er me klare for, seier han.
Frustrasjon over heile Europa
Plastretur har merka seg at Samfunnsbedriftene klagar rundt påstått ulovleg statsstøtte til kontrollorganet i EU.
— Juridiske utgreiingar me har fått, fortel det motsette. Så det vert spennande å sjå kva dei får ut av denne klagen, seier Ingvaldsen.
Styresmaktene har ikkje tatt inn over seg at EU har endra sin politikk på feltet, meiner Svein Kamfjord.
— Dei har ikkje skjønt skilnaden på forbrukar og innbyggar. Om forbrukar betaler, inneber det at forureinar betaler. Om innbyggar betaler, inneber det at forureinar slepp å betale, seier han.
Kommunane og Plastretur er einige om ein ting: Reglane er uklare. Staten må engasjere seg meir aktivt. Men dei er rykande ueinige om kven som skal betale for kva og kor mykje. Norske lovar og reglar har til no ikkje vore til hjelp.
Kommunar i ei rekkje andre europeiske land er like frustrerte som dei norske. I Frankrike meiner kommune-samanslutninga Amorce at dei får maksimalt 40 prosent av kostnadane dekka frå returselskapet Citeo, som har Coca-Cola, L’Oréal og Carrefour blant sine medlemer.
No betaler produsentane mindre
Nestlé, Bama, Findus og andre medlemer av returselskap betaler ei avgift for kvart tonn plastemballasje på produkta dei seljer. Returselskapet skal bruke den til å betale kommunane for plastemballasjen dei har samla inn, frakta frå kommunane til resirkuleringsanlegg i utlandet – og sjølve resirkuleringa.
Dei fleste prisar har auka i år. Men frå 1. mars senka Plastretur medlemsvederlaget sitt; det vart billegare for daglegvaregigantane og andre å selje produkt med plastemballasje. Avgifta vart sett ned frå 3.490 kroner per tonn til 3.000 kroner per tonn.
Dette skuldast at avgifta vart sett kraftig opp under pandemien, då folk laga mykje meir mat heime og dermed kasta meir, noko som gav Plastretur større utgifter, forklarer administrerande direktør Karl Johan Ingvaldsen.
— Me auka vederlaget for å byggje opp ein buffer for seks månaders drift som me er pålagde å ha. No har me gjort det, og då reduserer me den mellombels. Me skal vere ein ikkje-kommersiell organisasjon som ikkje skal byggje opp store kapitalreserven på medlemene si rekning, seier Ingvaldsen.
Samfunnsbedriftene har inga forståing for at Plastretur har sett ned medlemsavgifta.
— Dei snyltar på kommunane, kort og godt, hevdar Kamfjord.
— Eit bikkjeslagsmål
Både Plastretur, Norsirk, kommunane og styresmaktene veit at konflikten ikkje forsvinn av seg sjølv. I det grøne skiftet er planen at økonomien skal bli sirkulær og nærast avfallsfri.
Det betyr at kommunane framover blir pålagt å hente ut mykje meir plastemballasje frå avfallet dei samlar inn heime hos folk. Og at dei som sel produkt med plastemballasje, må sørge for å resirkulere mykje meir.
Det vil koste mykje pengar. Kven skal betale?
Klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap) seier han har sympati med kommunane.
— Dei har rett i at me ikkje har eit fullverdig produsentansvar i dag. I prinsippet bør meir av kostnadane flyttast til dei som vel å bruke plast på sine produkt. Men det tar litt tid å endre regelverket, seier han.
Miljødirektoratet opplyser at dei har fått i oppdrag frå departementet å anbefale endringar innan 15. november i år.
I avfallsselskapet IVAR på Forus ser Rudolf Meissner for seg kva som vil skje mellom partane.
— Det blir eit bikkjeslagsmål, spår han.