Vindafjord-ordførar Ole Johan Vierdal og Etne-ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim.
Arkivfoto: Irene Mæland Haraldsen
Regjeringa vil forlenge Haugalandspakken
Regjeringa foreslår å utvide innkrevinga av bompengar i Haugalandspakken i Rogaland og Vestland i påvente av ei ny bypakke for Haugesund. Det betyr pengar til blant anna prosjektet E134 Mørkeli-Gjerde i Etne, og jubel på Rådhuset i Ølen.
— Det er fantastisk. Dette var ei gledeleg nyheit, seier Vindafjord-ordførar Ole Johan Vierdal (Sp).
Regjeringa sitt forslag kjem fram i ei pressemelding frå Samferdselsdepartementet fredag.
Haugalandspakken omfattar mange små og større prosjekt i kommunane Bokn, Karmøy, Haugesund, Vindafjord, Etne, Sveio og Tysvær, og går i utganspunktet ut 1. juli. Karmøy stemte mot forlenging, men i pressemeldinga blir det vist til at forleninga er i tråd med lokale ønskjer. Kommunestyra i både Etne og Vindafjord stemte for forlenging av pakka.