Terje Bødtker har lang røynsle med transport, mellom anna som sjåfør for sukseduoen Carpe.F.v.: Chirag Rashmikant Patel, Terje Bødtker og Magdi Omar Ytreeide Abdelmaguid. ARKIVFOTO: Michael Angeles
Terje Bødtker har lang røynsle med transport, mellom anna som sjåfør for sukseduoen Carpe.F.v.: Chirag Rashmikant Patel, Terje Bødtker og Magdi Omar Ytreeide Abdelmaguid.

Terje (62) frå Bjoa køyrer Karpe gjennom Europa

I fleire år har han frakta kjente artistar på konsertturné langs landevegen i Europa, dei siste vekene med musikkgruppa Karpe i passasjersetet. For Terje Bødtker (62) frå Bjoa blir lista over kjendisar han har køyrd frå scene til scene stadig lengre.

Publisert Sist oppdatert

Det nærmar seg slutten av ein drygt månads lang turné rundt omkring i Europa for den populære rapgruppa Karpe frå Oslo.

Turneen starta i Milano i slutten av april og blei avslutta i Berlin like over pinse. I løpet av turneen har dei to verdskjente artistane Magdi Omar Ytreeide Abdelmaguid og Chirag Rashmikant Patel vore innom 12 land og enda fleire byar på sin omfattande rundtur, og for å koma seg frå den eine spelestaden til den andre nyttar dei turnébuss som transportmiddel. Bak rattet i den eine av dei fire køyretøya, som syt for å få turnégjengen på til saman 49 personar og alt nødvendig utstyr trygt på plass i god tid til neste konsert, set ein kar frå Bjoa.

— Nå har eg vore på kryss og tvers i Europa, seier Terje Bødtker og tek seg tid til ein liten telefonprat med Grannar under ein kvilestopp langs motorvegen i Tyskland.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS