Jettegrytene på Rullestad
Foto: Finn Bakke
Unesco-status for Geopark Sunnhordland
På sjølvaste nasjonaldagen blei det vedtatt at Geopark Sunnhordland får Unesco-status, og blir dermed den fjerde geoparken i Noreg med slik status.
I september i fjor var det eit heilt følgje som besøkte Etne kommune saman med representantar frå Unesco Global Geoparks og dagleg leiar i Geopark Sunnhordland, Brynjar Stautland. Målet for det heile var søknaden om å få status som ein av Unesco sine globale geoparkar, og på sjølvaste nasjonaldagen kom gladmeldinga om at Geopark Sunnhordland er no den fjerde geoparken med UNESCO-status i Noreg. Vedtaket vart gjort i Paris ved akklamasjon. Geoparken med Moster Amfi, Sunnhordland Museum og Folgefonnsenteret som besøkssentra har dermed hamna i storfint selskap.
— Ein UNESCO global geopark må innehalde geologisk arv av internasjonal verdi og formidle samanhengen mellom geologi, og kultur- og naturarv. Ein geopark skal auke fastbuande- og tilreisande sin kunnskap om landskapsverdiar, styrke området sin identitet og stimulere reiseliv og lokal matproduksjon i regionen. Av våre 60 lokalitetar i UNESCO-søknaden er 22 gjeven Internasjonal verdi seier Brynjar Stautland.
Hespriholmen med si 6.000 årige historie som kjelde for grønsteinsøksene på Sørvestlandet er eit geologisk kulturminne som er unikt i verda. Jettegrytene i Rullestad, er også ein spektakulær lokalitet, likeeins putelavafeltet på Helgeneset, sjølve fødselsmerka til nordre del av Sunnhordland som oppstod på Iapetushavets botn for 495 millionar år sidan. Siggjo er eit kjent og karakteristisk seglingsmerke på norskekysten, i dag eit ynda turmål med utsikt over heile Sunnhordland og med eit rhyolittbrudd frå yngre steinalder på toppen. Kisgruvene på Litlabø ber på ei lang og svært viktig bergverkshistorie i regionen, og er ei godt tilrettelagt besøksgruve med guida turar i sommarhalvåret. Og ikkje minst er Røyrvikeskaget på Møkster med sitt eksploderte magmakammer frå Laurentias kontinentalsokkel eit fascinerande og lett tilgjengeleg eventyrlandskap for både leg og lærd. I tillegg gjev den geologiske mangfaldet i denne regionen ein rik biodiversitet og tett samanheng mellom geologi og biologi.