ILLUSTRASJONSFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN

— Eit sjumilssteg for beredskapen

Klokka 12 onsdag vil mobilar i heile landet pipe og vibrere, når eit nytt varslingssystem for mobil skal testast.

Publisert Sist oppdatert
Regjeringa skal onsdag teste det splitter nye nødvarselet for mobil, som er eit supplement til Sivilforsvarets velkjende sireneanlegg.

Testen av det nye varslingssystemet vil gå ut til mobiltelefonar i heile landet. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) opplyser at mobilar som mottek nødvarselet vil vibrere og spele av høg sireneaktig lyd i omtrent 10 sekund.

Ein tekst som forklarer at dette er ein test av nødvarsel vil dukke opp på skjermen.

For å ikkje få varselet, må telefonen vere i flymodus eller heilt skrudd av. Innstillingar som lydlaus, låg lyd, dempa varsling og liknande blir overstyrt. Varselet vil også bryte inn viss du er i ein telefonsamtale eller høyrer på musikk.

Samtidig med det nye nødvarselet for mobil skal også Sivilforsvaret gjennomføre test av 1.200 sireneanlegg.

NRK skriv at målet med testen er todelt. For det første skal han gjere befolkninga kjend med korleis det opplevast å få nødvarsel på mobilen. Samtidig skal testen sikre at systemet fungerer slik det skal.

– Eit sjumilssteg for beredskapen

Nødvarsel på mobil blir rulla ut for første gong i Noreg.

– Nye nødvarsel på mobil er eit sjumilssteg for beredskapen. Rask og sikker kommunikasjon om fare eller krise gir meir tryggleik, og har vore ei viktig prioritering for Senterpartiet og Arbeidarpartiet i regjering.

Det sa justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp) då regjeringa lanserte den nye tenesta i slutten av mai.

– Regjeringa ville få systemet raskt på plass i ein tryggingspolitisk krevjande situasjon, sa justisministeren vidare.

Ho understreka at Sivilforsvarets sireneanlegg berre når ut til rundt halve befolkninga. Nødvarsel på mobil kan varsle heile landet raskt.

Vil merkast godt

DSB opplyser at testen kan merkast godt, spesielt der mange menneske er samla og mange einingar vil spele av lyd samtidig. I tillegg til mobiltelefonar vil nokre nettbrett og smartklokker også kunne få varselet.

På Krisesenteret i Bergen planlegg dei tilsette å sitje saman med brukarane når nødvarselet blir testa, skriv NRK.

– Mange av brukarane våre får ikkje med seg informasjonen som går ut på førehand om denne testen, seier leiar Pia Krüger Grønqvist ved Krisesenteret til NRK.

– Det er anten fordi dei har meir enn nok med sitt og den situasjonen dei er i, eller fordi dei ikkje kan norsk, seier ho.

(NPK)

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS