Sommaravis
Badeplassar i Etne og Vindafjord
På varme sommardagar kan det vera godt å kjøla ned kroppen med eit forfriskande sjøbad. Både i Etne og Vindafjord forvaltar Friluftsrådet Vest ei rekkje badeplassar som er lagt til rette for bading og sommarkos.
Badeplassar i Etne kommune:
- På nordsida av Osnes-halvøya ligg badeplassen Honsvika, med sandstrand og grasbakke. Her kan ein nyta late sommardagar eller ta seg ein skogstur langs merka stiar i området.
- På Osnes-halvøya ligg også Osnes friluftsområde med Olav Vik-stiftinga sitt område. Her finn ein fleire badeplassar og fine fiskeplassar som passar perfekt for stangfiske.
- Friluftsområdet Peparen er ein liten holme ved Skånevik sentrum med badeplass.
- Mellom Etne og Skånevik ligg friluftsområdet Sandvik. Området har badestrand, grasslette, bord, benker og toalett.
- Rundt seks kilometer frå Skånevik sentrum ligg den skogkledde øya Taraldsøy. Øya i Skåneviksfjorden er eit populært tur-og båtutfartsområde med gode hamneforhold, spennande natur-og kulturlandskap og mektig bar-og lauvskog.
Badeplassar i Vindafjord kommune: