Brandøy Misjonssenter viste seg frå si beste side
Sommarfesten på Brandøy tiltrekte seg 220 påmelde gjester som i tillegg til innhaldsrikt program fekk oppleve sol og varme frå morgon til kveld ved Sunnhordlandsbassenget.
— Utan tvil har sommarfesten komen for å bli i regi av IMS og regionen Sunnhordland, Hardanger og Voss.
Ei meir vellukka ramme rundt eit arrangement kan ein ikkje få, slik som det vart på Brandøy Misjons- og konferansesenter denne andre helga i juni, seier dagleg leiar Andreas Våge.
IMS byr på aktivitetetar av ulikt slag, song og musikk og oppbyggjande møter ute i teltet og innandørs frå morgon til kveld. Unge som eldre har ulike behov og ønske. Noko programmet syner å ta omsyn til gjennom dagen. Kjøkkenet og hjarta på Brandøy byr på freistande måltid frå morgon til kveld for alle dei 220 påmelde deltakerane.