Renta må opp meir enn tidlegare signalisert for å få inflasjonen ned mot målet på rundt 2 prosent, fastslår sentralbanksjefen. No ligg prisveksten på 6,7 prosent og er klart høgare enn det sentralbanken anslo i sin førre rapport.
Dessutan har rentene utanlands stige meir enn det som er lagt til grunn. Sentralbanken trur dessutan at høgare lønnsvekst og ei svakare krone enn tidlegare anslått, bidreg til å løfte prisveksten framover.
Bustadlånsrente på opp mot 5,5 prosent
– Dersom vi ikkje hevar renta, kan prisar og lønningar halde fram med å stige raskt, og inflasjonen bite seg fast. Då kan det bli meir kostbart å få prisveksten ned igjen, seier Bache.
Prognosen for styringsrenta er no oppjustert og kan auke til 4,25 prosent i haust. Då kan bustadlånsrenta komme opp mot 5,5 prosent, anslår Noregs Bank.
– For dei som har lån, kjem høgare rentekostnader på toppen av at mange varer og tenester har vorte dyrare. I ei tid framover vil mange få ein strammare økonomi, og ein del vil truleg måtte redusere forbruket. For nokon vil det vere krevjande. Men ved å setje opp renta, bidreg vi til at prisveksten kjem ned, og til at kjøpekrafta igjen kan auke, blir det fastslått.
Usikre prognosar
Det vidare forløpet for renta avheng av den økonomiske utviklinga. Dersom krona blir svakare enn lagt til grunn eller presset i økonomien held fram, kan det bli nødvendig med ei høgare rente enn det som no blir anslått.
– Samtidig har vi enno ikkje sett dei fulle effektane av renteaukane vi har bak oss. Det er uvisse om kor mykje hushalda vil stramme inn på forbruket framover som følgje av høg prisvekst og auka renter. Dersom inflasjonen minkar raskare eller vi får ei kraftigare oppbremsing i norsk økonomi, kan renta bli lågare enn vi no ser for oss, understrekar Bache.
Etter avgjerda styrkjer krona seg rundt 13–14 øre til 11,56 kroner mot euroen, ifølgje Dagens Næringsliv.