Unge og energiske. Jarle Silde og Mats Gunnar Norheim her under eit oppdrag i Skjold.
FOTO: NILS TOKHEIM
Travelt for innleigde slåttekarar
I Etne har det blitt eit miljø for unge å etablera seg som landbruksentreprenørar. Jarle Silde (21) og Mats Gunnar Norheim (20) jobbar no for tida lange dagar.
Det fine veret som har vore ei knapp veke no, gjer at bønder tar førsteslåtten. Det er omtrent på normalt tidspunkt i juni at det no skjer. Det er ikkje alltid praktisk for kvar bonde å eiga ein komplett maskinpark. Maskinar er dyre investeringar, og nokre brukast berre få dagar av året.
Då kan bønder heller leiga inn ein landbruksentreprenør.
Travelt