Baroniet i Rosendal.Foto: Marit Hommedal / NTB / NPK
Baroniet i Rosendal.

Baroniet Rosendal rasar mot kraftlinjeplanar

Statnett planlegg å byggje ei viktig kraftlinje i Kvinnherad. Denne skal etter planen gå over Baroniet Rosendal, som rasar mot planane.

Publisert Sist oppdatert
— Det burde vere innlysande for alle at det er heilt absurd å etablere ei kraftlinje gjennom dette unike nasjonale kulturminnet. Vi er på heile nasjonen sine vegne djupt sjokkert over at ein kan finne på å foreslå noko sånt, seier direktør Anne Grete Honerød ved Baroniet til Europower.

Heile baroniet, eit slott og herregard frå 1665 som i dag fungerer som eit levande museum, er i dag verna. Samtidig planlegg Statnett å byggje ein ny kraftleidning over området – for å erstatte ei 60 år gammal linje med lågare kapasitet og betre straumforsyninga på Vestlandet.

Ettersom den eksisterande kraftleidningen går gjennom Baroniet, meiner Statnett at ein må sjå på moglegheita for å leggje den nye på same stad. Det synest ikkje museet er eit godt argument.

— Den burde aldri vorte sett opp her. Å finne på noko sånt i vår tid, viss ein bryr seg med å undersøkje kva baroniet er i dag, er uforståeleg. Dette er sentrumet til nasjonalromantikken i Noreg, seier Honerød.

I staden for ønske Baroniet Rosendal å byggje sjøkabel, som Statnett påpeikar vil vere 4–10 gonger så dyrt.

— Løysingar knytt til Baroniet Rosendal er høgt på dagsordenen vår i planleggingsarbeidet som no går føre seg, og vi ønskjer god og open dialog med alle som blir ramma av planane våre, seier prosjektleiar Kenneth Teigenes.

Det var Grenda og Kvinnheringen som først omtalte saka.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS