Fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland (Sp)
FOTO: Pressefoto
Debatt
Båtruta til Eikemo, svar på ope spørsmål til Fylkesordføraren
Regjeringa har innført ei ordning med gratis ferjer på offentlege samband utan omkøyring, og halverte takstar på øvrige samband. Dette inneber at folk i distrikta no får kraftig redusert distriktsulempene, og ordninga har vore ei viktig kampsak for Hordaland Senterparti lenge. Me er derfor særs glade for ein slik etterlengta fordel for distrikta.
Det er staten som set vilkåra for ordninga, som gjeld statlege og fylkeskommunale samband, og staten definerer ferje til å ta minst 12 bilar. Det er nokre ruter i Vestland som då fell utanom ordninga, den største av dei er privatdrivne ferjesambandet Breistein-Valestrand, som har større trafikk enn td Ranavik – Skjersholmane. Båtruta til Eikemo er saman med fleire andre små båtsamband i fylket vårt ikkje definert inn i ordninga, som altså berre gjeld ferjer med over 12 bilars kapasitet. Regjeringa har signalisert at dei også vil redusera prisane på båtruter i distrikta.
Eg vil for ordens skuld gjera merksam på at Vestland fylkeskommune for eigen kostnad gjev eit årleg tilskot på kr 104.000,- i støtte til godstransport for båtruta til Eikemo.