Totalt sett har talet som får tilbod om å byrje på ei lærarutdanning, gått ned over 30 prosent på tre år.
Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Dramatisk nedgang i søkjarar til lærarstudium
Det er 21,1 prosent færre som har søkt lærarutdanning som førsteval enn i fjor, viser tal frå Samordna opptak.
NPK-NTB: Lærarutdanning er utdanningsområdet med størst prosentvis nedgang samanlikna med fjoråret. Til saman er det 18,2 prosent færre som har hatt lærarutdanning på førsteval, som har fått plass på lærarstudiet.
– Sjølv om det totalt sett er mange som ønskjer å bli lærar, ser vi at nedgangen i talet på tilbodne studieplassar held også fram i år. Nedgangen er størst i distrikta, men også lærestader i dei større byane opplever no lågare interesse for lærarutdanningane, seier direktør Sveinung Skule i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir).
I år har 8000 søkjarar fått tilbod om plass på eit lærarstudium, mot nesten 9800 i fjor. Totalt sett har talet som får tilbod om å byrje på ei lærarutdanning, gått ned over 30 prosent på tre år.
(NPK)