Alkoholbruk på arbeidsplassen påverkar livet elles, er det fleire som fortel i ein fersk rapport.
Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Fleire melder at jobbfesten går utover livet elles
Alkoholbruk på arbeidsplassen påverkar livet elles, melder kompetansesenteret Akan.
I ein rapport frå Akan Kompetansesenter kjem det fram at over halvparten melder at alkohol i jobbrelaterte situasjonar påverkar fritida og familielivet.
Om lag halvparten svarar også at alkoholbruk på arbeidsplassen bidreg positivt til arbeidsmiljøet.
Ein av ti svarar at dei opplever drikkepress i slike situasjonar og 300.000 droppar jobbfesten på grunn av dette, skriv Akan.
Akan Kompetansesenter oppfordrar norsk arbeidsliv til å løfte tematikken og tenkje over korleis ein vil ha det på arbeidsplassen for å legge til rette for best mogleg arbeidsmiljø.
(NPK)