Har ein rett på å få bøter på sitt eige mål?
Foto: Hallvard Østrem / NPK
Krangel om nynorske bøter har vart i 35 år
Har ein rett på å få bøter på sitt eige mål? Det har forfattar og målmann Jens Brekke og politiet vore usamde om i 35 år.
Språklova skal sikre bruk av nynorsk i all offentleg teneste, men det er usemje om denne lova inkluderer bøter, skriv NRK Kultur.
Tidlegare i år køyrde Jens Brekke 7 km/t for fort i 50-sona, og vart bøtelagd med 2300 kroner og eit forenkla førelegg.
Ifølgje Brekke sjølv vil han gjerne betale for seg, men krev å få blanketten på nynorsk. Dette er tredje gongen han har havna i konflikt på grunn av bokmålsbøter. Første gong var på 80-talet, andre gong i 2014.
I eit brev Politidirektoratet har sendt til NRK skriv dei at Brekke ikkje har krav på nynorskblankett.
Dei stiller seg bak Sivilombodsmannens tolking av lovverket, som seier at slike førelegg høyrer til rettsvesenet, som ikkje er inkludert i språklova. Politidirektoratet viser òg til 2 i mållova som gjeld allment tilgjengelege skjema, der forenkla førelegg ikkje høyrer med.
Mållova vart løyst opp då den nye språklova tredde i kraft i 2022.
Brekke meiner at det er Kulturdepartementets tolking av lova som gjeld, altså at målbruk i offentleg teneste gjeld absolutt alle stader i offentleg teneste.
Politiadvokat Bente Lind seier dei er glade for at Brekke gjorde dei merksame på mangelen på nynorsk i systemet deira og håper dei kan få på plass ei løysing som tilbyr førelegg på begge målformer i framtida.
Lind peiker likevel på at det ikkje er mogleg å gjere endringar på eit førelegg som har blitt godtatt, så bota til Brekke blir ikkje på nynorsk denne gongen.
(NPK)