Andreas Grumheden (Ap).
ARKIVFOTO
Andreas Grumheden (Ap). ARKIVFOTO

Nye grep for rekruttering

Det er snart kommuneval og valkamp. Kven er på topp i kvart parti, og kva står dei for? Det skal du her få svar på, og her er Andreas Grumheden, toppkandidaten i Etne Ap, som svarar.

— Korleis kom du inn i, og kor lenge har du vore aktiv i politikken?

— Eg har alltid vore politisk interessert, og litt etter eg flytta heim att til Etne melde eg meg inn i Arbeiderpartiet. For meg har alltid Ap vore partiet eg identifiserer meg med.

— Kvifor vil du vere politikar?

— Me treng at folk engasjerer seg i lokalpolitikken om ein skal klara å utvikla Etne kommune vidare, og eg meiner at eg har mykje å bidra med. Eg ynskjer at Etne skal bli ein endå betre plass å bu og ein plass som spelar på lag med næringslivet.

— Kva trur du blir den viktigaste saka for deg i komande periode?

— Me har mange gode saker i programmet, men det viktigaste for meg blir eit rettferdig arbeidsliv og heiltidskultur. Eg trur me kan få opp trivselen i spesielt det offentlege arbeidslivet, samtidig som ein kuttar sjukefråvær og vikarbruk, om ein aukar tala på heile stillingar og samtidig aukar bemanninga.

— Kva vil ditt parti bidra med for å få til gode oppvekstvilkår for barn og ungdom?

— Me ynskjer at born skal ha like moglegheiter. Ein av hovudsakene våre er å arbeida for gratis barnehage. Slik økonomien i Etne er for tida vil det bli vanskeleg, men me vil strekka oss langt for dette. Me ynskjer og å styrka frivilligheita og samarbeida tett med for eksempel idrettslaga i bygdene. Det er og viktig å styrka moglegheiter for uorganisert aktivitet og kultursektoren som gir born eit anna tilbod enn til dømes berre fotball og turn.

— Korleis bør kommunen møte eldrebølgja?

— Den største utfordringa me får er tilgang på arbeidskraft i helsesektoren. Me må legga til rette for auka rekruttering, men nøyaktig korleis er eit vanskeleg spørsmål. Me vil arbeide for å tilby «leige-til-eige»-bustadar slik at unge kan enklare få seg bustad. Me vil også tilby bustad som tilsette i omsorgssektoren kan prøva å bu i Etne gratis. Me er nok og avhengig av at endå fleire kan bu heime lenger, og me meiner ein må tilby livsløpsbustadar i sentrum.

— Korleis vil ditt parti bidra til at det skal vere mogeleg å drive aktivt landbruk framover?

— Me har programfesta at me ikkje ynskjer meir nedbygging av dyrka mark i Etne kommune. Det finnes unntak for dette, spesielt for bygging av betre vegar, men då meiner me at ein må sikra reell erstatning av jorda med nydyrking. Me ynskjer og å starta program i samarbeid med landbruket for å sjå om me kan gjera det endå meir berekraftig. Me ser for oss prosjekt for å minka avrenning, og innsamling av plast/avfall.

— Kan Etne kommunen klare seg utan eigedomsskatt?

Slik situasjonen er i dag, med ein utvikling i økonomien som ikkje er positiv, ser eg ikkje det som realistisk. Etne kommune har dei siste åra brukt mykje pengar, og me ser nå at ein allereie har brukt opp sikringa i budsjettet etter fire månadar. Me skulle gjerne sett at ein kan drive kommunen utan eigedomsskatt, men eg saknar konkrete eksemplar på kva ein skal kutta frå dei partia som meiner ein kan kutta skatten enkelt.

— Bør Etne og Vindafjord kommune slå seg saman?

— Eg er personleg for ein samanslåing, men me har hatt ei folkeavrøysting som avslo dette, og den har me tenkt å respektera.

— Korleis stiller du deg til etablering av ein biogassfabrikk på Tongane?

— Eg er i utgangspunktet skeptisk til ei slik etablering så nært sentrum, samtidig som eg er klar på at me i Etne skal ynskja etablering av næring velkommen. Uansett meiner eg det forslaget som er spelt inn med å leggja strengare krav til reguleringsplanen ikkje er fornuftig, då dette vil føra til at etablering av andre næringsverksemder og utviding av eksisterande vil møta dei same strenge krava.

— Bør Etne behalde dagens skulestruktur?

— Ja.

— Bør kulturhuset Skakke driftast vidare etter dagens modell?

Slik eg skjønar det så klarer ikkje Skakke å driva med dagens modell, så noko må gjerast. Skakke er utruleg viktig for Etne, og me må finna ei løysing som sikrar vidare drift. Eg synest ikkje me har god nok innsikt, og saknar betre informasjon frå både Skakke og Etne kommune.

— Kva er dei tre viktigaste grunnane til at ein bør stemme på ditt parti?

— Me har ei lista fylt med dyktige personar som brenn for kommunen vår.  Me har eit program som gjer Etne til ein endå betre plass å bu. Om du vil ha meg som ordførar så må du stemma på Arbeiderpartiet!

Faktaboks

Namn: Andreas Grumheden

Alder: 40

Sivil status: Gift med Audhild, to barn: Anna på 13 år og Aksel på 10 år

Bustad: Rygg (Etne)