Geir Arild Søndenå frå Ølen Betong (f.v.), Jan Eivind Folkedal frå Implenia og Lars A. Norekvål frå Ølen Betong. Pressefoto
Ølen betong hanka inn storkontrakt
Selskapet har over fleire år posisjonert seg for å bli leverandør til Rogfast-prosjektet, og no har dei lukkast.
Ølen betong har inngått ein ny kontrakt med Implenia Norge AS. Det kjem fram i ei pressemelding frå Ølen betong. Kontrakten gjeld leveranse av betongelement til samferdselsprosjektet E39 Rogfast, på parsellen E03 Boknafjordtunellen Sør. Levereansen på omlag 340.000 kvadratmeter betongelement vil utgjere rundt 19.800 betongelement.
I pressemeldinga står det opplyst at dagleg leiar Lars Norekvål og divisjonsleiar Geir Aril Søndenå er svært nøgde med kontrakten og det gode samarbeidet med Implenia Norge. Dei har tidlegare samarbeidd gjennom ei rekkje store prosjekt over mange år.
— Selskapet har over fleire år posisjonert seg for å bli leverandør til Rogfast-prosjektet, og då er det hyggeleg å lukkast, uttaler Norekvål i pressemeldinga.