Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap). Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB / NPK
Kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap).

Stortinget har vedteke ny opplæringslov

Ei ny opplæringslov er vedteken i Stortinget. Retten til vidaregåande opplæring og opplæring til vaksne har mellom anna blitt utvida.

Den nye opplæringslova vidarefører fleire av reglane frå dagens opplæringslov og skal etter planen gjelde frå august neste år.

— Den nye opplæringslova inneber historiske utvidingar av rettane til elevane. Dei får rett til vidaregåande opplæring til dei faktisk har fullført skulen, rett til å bytte utdanningsprogram viss dei ombestemmer seg og moglegheit til å ta fleire fagbrev, seier kunnskapsminister Tonje Brenna i ei pressemelding frå regjeringa.

I tillegg vil oppfølgingstenesta bli utvida frå å gjelde fram til ein er 24 år, ikkje berre opp til 21 år. Det betyr at fleire unge som har falle ifrå skulen får hjelp til å kvalifisere seg til arbeidslivet.

Opplæringslova regulerer skulekvardagen til 820.000 barn og unge i Noreg. Dagens opplæringslov er 25 år gammal og har blitt endra nesten kvart år sidan ho vart vedteken.

(NPK)

Powered by Labrador CMS