— Eg har alltid vore samfunnsengasjert og var med i politikken for første gong i ein periode på 1990-talet, men har nå vore med i to periodar for Høgre.
Kvifor vil du vere politikar?
— Det er interessa for det samfunnet me er ein del av og som har stor betydning for oss. Samstundes får ein mykje kunnskap ved å vera ein del av lokalpolitikken, og det gir betre grunnlag til å ha meiningar.
Kva trur du blir den viktigaste saka for deg i komande periode?
— Vindafjord har to store utfordringar: Den eine er å sikre at unge vil busetja seg i kommunen. Då må dei ha gode vilkår, og det er difor me vil ha gratis SFO i Vindafjord. Me treng å bli fleire for å oppretthalda gode kommunale tenester. Samtidig vert me 330 fleire over 67 år dei komande 10 åra. Mange av desse vil ha behov for viktige tenester frå kommunen. Det må me leggja til rette for at dei kan få. For å klara desse utfordringane må me leggja til rette for næringslivet slik at dei som er der og fleire nye kan blomstra.
Kva vil ditt parti bidra med for å få til gode oppvekstvilkår for barn og ungdom?
— Høgre ynskjer å styrka vilkåra for det frivillige arbeidet i kommunen. Desse gjer ein formidabel innsats, men kommunen må leggja betre til rette for dei. Me vil auka støtta til desse, og gi dei gratis kommunal saksbehandling.
Korleis bør kommunen møte eldrebølgja?
— Det første me må gjera er å få ei god oversikt på kva dette vil krevja dei neste 10-20 åra. Når me har tilstrekkeleg kunnskap om dette må me dimensjonera tenestene slik at dei eldre kan vera trygge for at dei vil få den omsorg dei treng. Det er sannsynleg at dette vil føra til at me må auka budsjettet til pleie og omsorg betydeleg.
Korleis vil ditt parti bidra til at det skal vere mogeleg å drive aktivt landbruk framover?
— Vindafjord er ein kommune som langt på veg har klart omstillinga i landbruket. Me har fått mange store gardsbruk som har effektiv drift og klarar seg godt. Samstundes må me sikra eit sterkt vern av dyrka mark slik at me klarar å oppretthalda produksjonen me har i dag.
Kan Vindafjord kommune klare seg utan eigedomsskatt?
— Høgre ynskjer ikkje eigedomsskatt, og stemte imot då denne vart innført. Slik stoda er i dag synes det å vera vanskeleg å ta bort denne inntekta når kommunen har så mange uløyste oppgåver. Likevel vil Høgre frita nyetablerarar for eigedomsskatt i fem år.
Bør Etne og Vindafjord kommune slå seg saman?
— Det er mange gode grunnar til at to kommunar med så mange felles utfordringar, felles arbeidsmarknad og korte avstandar burde kunna slå seg saman. Men dette vil ikkje skje utan at folket som bur i kommunane ynskjer det.
Korleis stiller du deg til bygging av ny symjehall og bygdahus i Vats?
— Vindafjord har behov for å realisera eit godt prosjekt i Vats etter at Vindafjordhallen brant ned. Det er me også godt i gang med. Det er utfordrande at forsikringssummen dekkjer ein så liten del av det som er naudsynt, men i juni 2025 er eg trygg på at det vil stå eit bygg der som alle vil vera godt tente med.
Bør Vindafjord behalde dagens skulestruktur?
— Me har for kort tid sidan avslutta arbeidet med ny barnehage-og skulebruksplan. Høgre ville ha færre skular enn me har i dag fordi det ville ført til ein betre skule for alle. Når me ikkje fekk fleirtal for dette vil det vera naturleg å vente med ny handsaming av denne saka. Men det fordrar at kommunen har økonomi til å driva ni barnehagar og skular, og at me får kvalifiserte søkjarar til ledige stillingar. Det må også vere nok elevar til å drive fagleg forsvarleg.
Korleis bør industriområdet på Dommersnes utviklast?
— Vindafjord har inngått avtale med Windafjord Port om noko som kan bli eit nytt industrieventyr i Vikebygd. Dommersnes har gode kvalitetar til å kunna byggja vindmøller til havs, men det er framleis noko usikkert korleis dette vil utvikla seg. Uansett er det viktig at ei etablering tar hensyn til innbyggjarar, hyttefolk og øvrig næringsliv i Vikebygd.
Kva meiner du er dei tre viktigaste grunnane til at ein bør stemme på ditt parti?
- Betre vilkår for småbarnsforeldre – gratis SFO
- Fleire nye tomter til bustad og næring, og fritak for eigedomssskatt for nyetablerarar i fem år.
- Styrka det frivillige arbeidet, og gi gratis sakshandsaming for frivillige lag og organisasjonar.
Faktaboks
Namn: Modolf Haraldseid
Alder: 62
Sivil status: Gift med Gunn, fire born
Bustad: Skjold