— Politikk har vore ein del av mitt liv frå eg blei fødd. Eg blei aktiv som 13-åring då bror min og eg starta AUF lag på Jessheim. Blei i AUF til eg var gamal nok til å gå inn i Arbeidarpartiet. Eg har hatt ei rekke verv også som vara til kommunestyret, eg var mellom leiar for likestillingsnemnda i Odda. Hadde pause frå politikken i ein del år, men var då aktiv som tillitsvalt og verneombod på arbeidsplassen. Før eg igjen blei aktiv politikar, melde eg meg ut av Ap, og inn i Raudt i 2019.
Kvifor vil du vere politikar?
— Eg har aldri sett på meg sjølv om ein politikar. Eg er den typen som alltid vil kjempe for dei som treng det mest. I dag er det meir viktig enn nokon gong med stemmer for alle dei som blir høyrt, fordi dei alltid er ein salderingspost. Eg håpar å vera deira stemme. Enten det er barn, uføre, eldre eller unge. Alle treng å bli sett.
Kva trur du blir den viktigaste saka for deg i komande periode?
— Det trur eg blir mange. Me treng å tenkja annleis både når det gjeld skule og eldreomsorg. Etne må bli ei bygd som folk vil flytta til og bu i. Me treng å skapa fleire arbeidsplassar, politiet treng kortare responstid, og det må bli lettare å få hjelp frå etatar me har flytta ut av Etne, som barnevern, NAV, Legevakt og så vidare.
Kva vil ditt parti bidra med for å få til gode oppvekstvilkår for barn og ungdom?
— Ved å lytta til kva dei unge treng, og ikkje kva me meiner dei treng. Samtidig ønskjer me at alle unge skal kunne delta på lik linje. Me ønskjer også å få etablert ein mekkeverkstad for ungdom og ein stad dei kan spela VR og dataspel og få oppretta E-sport. Me ønskjer eit busstilbod som gjer at unge kjem seg til å frå aktivitetar i Etne på lik linje med til og frå skule. Så me sparer miljøet ved at foreldre må køyra og bringa sju dagar i veka.
Korleis bør kommunen møte eldrebølgja?
— På lik linje med dei unge må dei eldre få fortelje kva dei treng. Nå dyttar dei stadig på nye ting som me tenkjer vil letta kvardagen, men som skremmer mange eldre til å føla at dei er til bry. Me gløymer all den kunnskapen dei eldre allereie har og som kan brukas, meir enn i dag. Klart me treng meir helsepersonell, samtidig som me kan bruka mange andre hender som treng arbeid. Å me kan byggja heilt andre bustader som inkluderer fleire enn berre eldre.
Korleis vil ditt parti bidra til at det skal vere mogeleg å drive aktivt landbruk framover?
— Landbruket er noko av det viktigaste me har. Me treng kortreist mat og me treng bonden. Bonden treng å få sine rettigheiter styrka. Me treng å få til ein grunderbase for landbruk i Etne der bønder kan møtast og samarbeide om produkt og løysingar som er best for dei. Me ønskjer også at dei skal kunne ha ein egen butikk der dei kan selja mat rett frå gard til forbrukar utan mellomledd.
Kan Etne kommune klare seg utan eigedomsskatt?
— Vi ønskjer ikkje eigedomskatt. Folk flest jobbar og betalar sin skatt, legg opp eigenandel som skattast, kjøper hus, betalar avdrag og renter. Og så skal me skattast igjen på eit hus me allereie betaler på? Me meiner dette må endrast til at dei som tener mest kan skattleggast i ein periode mens dei som tenar minst slepp. At me rett og slett fasar ut eigedomskatten til slutt.
Bør Etne og Vindafjord kommune slå seg saman?
— NEI! Det er eit anna fylke og det skapar nok problem i dag med det som er forsvunne frå Etne. Politiet har alt ei responstid på to timar. Etne er blitt sårbare. NAV har ope to timar per dag og me veit mange slit med å få hjelp. Legevakten er for ein del ei times reise unna og med bussar som ikkje går. Ein drosjetur kostar raskt meir enn mange har pengar til. Vi treng å få tilbake arbeidsplassane og tryggleiken til etnebuen.
Korleis stiller du deg til etablering av ein biogassfabrikk på Tongane?
— Me ønskjer det ikkje i sentrum. Biogassanlegget er ein del av vårt grøne skifte, men som det er med alt nytt, kan dei heller ikkje alt. Og ting vil skje. Alle nye bedrifter vil ha startvanskar som må løysast. Det er heilt normalt og det skjønar me. Me ønskjer biogassanlegget velkommen men ikkje i Etne sentrum.
Bør Etne behalde dagens skulestruktur?
— Det hadde vore flott om me kunne lete ungdommen i Etne få gå på vidaregåande skule i Etne. Men me ønskjer at Etne skal bli pilotskule for barne- og ungdomskolen. Slik at barn med diagnosar, skulevegring, og som slit kan få ein skulekvardag på ein kreativ skule, der dei kan læra og få lov til å meistre. Det vil lette kvardagen på Enge skule, samtidig som barn som må ha ein kreativ skulekvardag kan få meistra dei også.
Bør kulturhuset Skakke driftast vidare etter dagens modell?
— Me ønskjer å halda på Skakke slik som i dag.
Kva er dei tre viktigaste grunnane til at ein bør stemme på ditt parti?
- Me er partiet med kortast veg frå mannen/kvinna i gata til fylkestinget og til stortinget. Og kommunestyret om me kjem inn.
- Me vil vera bunden av vårt program, så du veit kva du stemmer på.
- Me er partiet som spør kva DU treng, me sit ikkje inne med all kunnskap om kva som er best for bonden, helsefagarbeidaren og så vidare. Det gjer de! Me kan løfta fram det de treng. Derfor bruker me mykje tid på å lytta og besøke arbeidsplassar.
Faktaboks
Namn: Vigdis Madssen
Alder: 61
Sivil status: Separert, 5 barn og 13 barnebarn
Bustad: Etne