Kenneth Karlsen er Etne Frp sin 1. kandidat.
FOTO: GRETHE HOPLAND RAVN
Kenneth Karlsen er Etne Frp sin 1. kandidat. FOTO: GRETHE HOPLAND RAVN

Vil ha null i eigedsomsskatt

Det er snart kommuneval og valkamp. Kven er på topp i kvart parti, og kva står dei for? Det skal du her få svar på, og i dag snakkar me med Kenneth Lyng Karlsen, toppkandidat i Etne Framstegsparti

— Korleis kom du inn i, og kor lenge har du vore aktiv i politikken?

— Det var faktisk i ein matpause på SMV. Me var fleire som diskuterte at me trengte folkevalde som lytta til oss innbyggjar. Me trengte folkevalde som styrte på vegner av innbyggjarane og ikkje over dei. Eg har ofte vore privilegert å bli valt til tillitsvalt der eg har vore, det vera seg på skule, militæret og jobb – det vart derfor naturleg å søka ei ombodsrolla som politikar i Etne kommune. Eg trivst godt i arbeidet med å hjelpe og representere andre i ulike situasjonar.

— Kvifor vil du vere politikar?

— Eg både likar og prioriterer alltid ombodsrolla me har som folkevalde størst. Eg veit at dette ikkje er så godt likt blant nokre av mine politiske motstandarar som meiner at styringsrolla ligg høgast. Å vera politikar inneber å vera tilgjengeleg for innbyggjarane våre nesten 24/7, eg meiner at me skal fokusera meir på å bruka tid med våre innbyggjarar, tilsette og næringsliv enn det å reisa rundt på alt av morosame ting med regionråd og andre regionale fora.

— Kva trur du blir den viktigaste saka for deg i komande periode?

— Det er jo mange viktige saker, men dei sakene der me kanskje står heilt åleine i å arbeida for, er avvikling av eigedomskatt, fritt barnehageopptak heile året, og eige mobbeombod for ungane på skulane våre. Elles så håpar eg at me skal klara å få med oss dei andre partia på å auka opp jordmorstillinga og at kommunen skal ta eit større ansvar for å kunne koordinera overnattingstilbod i kommunen ved større arrangement.

Valvignett

— Kva vil ditt parti bidra med for å få til gode oppvekstvilkår for barn og ungdom?

— Me veit at me har elevar som ikkje har det godt på skulen og meiner derfor at me skal setja inn meir tiltak for å trygga våre barn i skulen. Me skal innføra eit mobbeombod som skal sjå til at skulen gjere jobben sin rett og slett. Me skal også oppretta eit tilbod saman med private aktørar for ungdom som ikkje finn seg heilt til rette innanfor det ordinære skuletilbodet der ein gjennomfører tilrettelagte aktivitetar på gard lokalt i kommunen.

— Korleis bør kommunen møte eldrebølgja?

— Me kjempa jo med nebb og klør for å behalda sjukeheimsplassane me hadde i Skånevik, mellom anna fordi me meinte at det var feil politikk å bygga dei ned. Dessverre meinte alle dei andre partia at me skulle fjerna desse plassane og me tapte kampen. Nå ser me at me må nok auka opp talet på sjukeheimsplasser og me må satsa meir på tiltak som gjer at dei eldre klarar å leva trygge og fullverdige liv i heimane sine så lenge som mogleg.

— Korleis vil ditt parti bidra til at det skal vere mogeleg å drive aktivt landbruk framover?

— Me stolar på bonden! Me vil derfor at gardbrukarane i større grad skal kunne bestemme over sin eigen grunn og me vil vera positive til bruksendringar og alternative driftsmåtar som kan fremja framleis drift av gardsbruk. Av og til prøver Statsforvaltaren seg på omkampar når me støttar bonden i ei forvaltningssak og då er me ikkje redd for å ta opp kampen mot Statsforvaltaren der han overkøyrer lokaldemokratiet.

— Kan Etne kommune klare seg utan eigedomsskatt?

— Utan tvil: JA! Gjennom 4-årsperioden skal me auka botnfrådraget kvart år slik at eigedomsskatten til slutt vert avvikla. Det er ein djupt usosial dobbelskatt som ikkje tar omsyn til kva inntekt du har eller kor mykje du har i lån.

— Bør Etne og Vindafjord kommune slå seg saman?

— Me lyttar til innbyggjarane i denne saka og førre folkeavrøysting viste at me ikkje ønskte dette.

— Korleis stiller du deg til etablering av ein biogassfabrikk på Tongane?

— Det var lenge hevda frå stort sett alle politikarar at me ikkje kunne gjera noko for å stoppa ei eventuell etablering. Så då me fann rom og moglegheiter for å gjera det strengare med etablering av industri med sjenerande lukter gjennom kommuneplanen, blei dette hardt motarbeida. Me vil ikkje ha slik næring nære sentrum, risikoen er for høg – me ønsker ikkje å ha dei problema som dei har på Stord. Derimot vil me arbeida konstruktivt for at ei slik næring kan etablera seg utanfor sentrumsnære strøk.

— Bør Etne behalde dagens skulestruktur?

— Ja, og dette har me programfesta. Me har alltid kjempa for å behalda barne- og ungdomskulane i Skånevik og Etne slik at det er grunnlag for tilflytting og busetjing rundt våre største tettstadar. Det har til tider blitt svært amper stemning i kommunestyret når me har føreslått at kommunedirektøren ikkje skal laga budsjett som omhandlar skulenedlegging, men me gir oss ikkje.

— Bør kulturhuset Skakke driftast vidare etter dagens modell?

— Me har alltid meint at Skakke-prosjektet blei alt for dyrt og at det var risiko med økonomien i prosjektet når fylke kunne velja å trekka seg ut som eigar. Derfor var me ikkje overraska då fylket trekte seg ut og sendte rekninga over til oss. Nå er me største eigar og må ta ansvar. Derfor blir det svært viktig framover å få ei sunnare drift og ein sunnare økonomi på Skakke, og det vil me gjera gjennom å ha klare og tydlege strategiplanar som kommunen gjerne i lag med styret i Skakke.

— Kva er dei tre viktigaste grunnane til at ein bør stemme på ditt parti?

  • Det skal bli billigare og meir valfridom for deg som innbyggjar å bu i ein kommune som me styrer.
  • Næringslivet skal møta ein konstruktiv og positiv kommune og folkevalde som gjer det me kan for vekst og nyetablering.
  • Med meg som ordførar skal du som innbyggjar vera trygg på at di røyst skal bli høyrt – ingen blir gløymt! Me ønskjer i større grad å involvera våre innbyggjarar i større saker og gje dei ei reell makt til å vera med å ta avgjersler.

Faktaboks

Namn: Kenneth Lyng Karlsen

Alder: 35

Sivil status: Singel mann med tre barn; Lilly (13), Carmen (11) og Luna (4)

Bustad: Frå Etne, bur i Skånevik