Monica Nesheim er listekandidat for Vindafjord Senterparti.
Foto: Privat
Monica Nesheim (Sp) fekk flest personstemmer av alle kandidatane ved årets val. Nå skal ho sitte i formannskapet. Arkivfoto: Privat

Framtidige Vindafjord

Eg var på partidebatt i Ølen tysdag. Fyrst var eg litt usikker på om det i det heile var lov for andre Vindafjordingar å møte opp, etter at «vatsbuen» fekk tydeleg beskjed om at særleg dei ikkje var velkomen. Det kunne jo hende at me tok opp all plass i salen. Men, Magne Christiansen som på vegne av Ølensvåg og Ølen grendautval hadde kalla inn til partidebatt, kunngjorde at møtet var ope for alle. Sakene ville dog væra av ein karakter som angjekk Ølen og Ølensvåg, og ikkje andre bygdar. Likevel, tolka fleire frå ulike bygdar at tema som «næringsliv, oppvekst, bustadutvikling og kommunesenter», på ein eller annan måte ville angå fleire i kommunen.

Eg må sei at det var ein interessant debatt. Ikkje nødvendigvis for alt som kom frå panelet, men like mykje frå salen. Eg sat med ei kjensle av at me ikkje kom frå same kommune. Bygdane blei fleire gonger nemnd som «8+1», bygdeutvikling av 9 bygdar på bekostning av sentrumsutvikling, skulestruktur som hindrar sentrumsutvikling, manglande møteplassar – politikarane måtte sørge for møteplassar. Då sat eg der å tenkte, men i alle dagar, her har dei vel mange møteplassar? Sjøperlo, uteområdet v/Sjøperlo, idrettsparken og idretten, skule, barnehage, ikkje mindre enn to kjøpesenter, og handlegata? Då lurte eg på kva som mangla?

Møteplassar skapar me jo sjølv. Ungdommen kjem ikkje der du plassera dei, dei kjem der du lagar eit miljø for å møtast. Andre bygdar kan ikkje måle seg med det same utvalet av møteplassar ein finn i Ølen, men dei finn saman der dei kan. I Vats har me for tida Knapphus og skuleområdet som aktive møteplassar. Skal me ha noko meir enn det, må me skapa det. Sjølvsagt blir ein ny symjehall enda ein møteplass, så når den tid kjem kan me ta den med i reknestykket.

Møteplassar er der me møtast, det kan væra på arrangement på bygdahuset, i tilfeldige møter i sitteområdet i/utanfor lokalbutikken, eller i konstruerte møteplassar som ein ungdomsklubb og lokale lag og foreiningar. Eller på biblioteket, leikeplassar, idrettsanlegg og kafear. Uansett, aktive møteplassar skapar me saman, ved å leggje til rette for det. Eg trur ikkje me kan løyse dette med å be politikarar om å lage dei?

Og ja, det var ikkje til å stikke under ein stol at tema «basseng» var underliggande i store delar av debatten. Ordførarkandidaten til Høgre, greidde til og med å sette Ny Vindafjordhall opp mot utbetring av Ølen skule! Hald deg fast! Kostnadane for ein ny Vindafjordhall, er dessverre så skamdyrt, at dette går ut over opprusting av Ølen skule! Eit reknestykke konstruert av han sjølv? Kva tid kunne me ta pengar frå investeringsbudsjettet, for å vedlikehalda kommunale bygg? Har eg misforstått når eg alltid har vore av den tru at dette er to forskjellige budsjett? Å kva er dette, ein ordførarkandidat som aktivt går inn for å auka spliden som åpenbart var til stades?

Heldigvis fekk Vindafjordlista minna salen på, at me er då same kommune. Ein skulle tru at me nettopp hadde hatt kommunesamanslåing. Ho minna om at me må jobbe saman for å skape aktivitet og vekst i bygdane, og refererte til prosjektet «Gode VIBer». Prosjektet kunne vise til ein optimisme og samskaping, og gleda av å lære av kvarandre. Eg kunne ikkje vore meir einig!

Tysdag kjende eg på ingen måte at eg var i Vindafjord kommune. Eg håpar at framtida for Vindafjord er lysare enn slik det er no. Ingen flyttar til ein kommune med stridsøksa i handa, og der alle skular på kvarandre. Eg håpar at framtidige Vindafjord unar kvarandre goder, kan gleda seg over det me har, nyttar tenestar me har i heile kommunen, og at me jobbar saman for å skape ein kommune alle trivst med å bu i. Då må me starte med å framsnakka det me har, framsnakka samarbeid, framsnakka næringsliv, og framsnakka kommunen – på tvers av bygdane. Det er i all fall mi tilnærming når eg vel å stå som listekandidat for Vindafjord Senterparti.

Monica Nesheim, listekandidat for Vindafjord Sp