Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Ulykke på E134 mellom Ølen og Ølensvåg. Foto: Privat
Ulykke på E134 mellom Ølen og Ølensvåg.

Kollisjon på E134

Publisert Sist oppdatert

Klokka 13.14 fredag opplyser Politiet i Sør-Vest om eit samanstøyt mellom to bilar på E134 ved Ølensvåg på Twitter. Kort tid etter oppdaterer dei med at eit køyrefelt er stengt og at trafikken truleg vil korke seg etterkvart.

13.46 oppdaterer politiet med opplysningar om at det var tre køyretøy involvert. Den første hadde stansa grunna motorstopp. Bil nummer to klarte å stoppe opp bak, men bil nummer tre braste inn i bilen i midten. Førar av bilen i midten er køyrd til legevakta i ambulanse.

14.04 skriv politiet at den midtre bilen nå blir fjerna av bergingsbil. Dei to andre bilane er ute av vegen. Vegbanen vil opna så snart den skadde bilen er fjerna.

Powered by Labrador CMS